Bilde av aktørane på IOGT seminaret på Værnes DSCF7257-2

50 IOGT-arar på inspirasjonsseminar

IOGT Region Midt-Norge hadde vel 50 deltakarar på sin årlige regionsamling, i år kalt inspirasjonsseminar. Det var IOGT-medlemmer frå heile regionen, som strekker seg frå Vanylven i sør til Rana i nord. Målet var å gi medlemmene ein kveik i kvardagen og fagleg påfyll som skal stimulere til større IOGT-aktivitet i Midt-Norge.

Første forelesar var Arne Johannessen, no lensmann i Sogndal og leiar av Actis (rusfeltets samarbeidsorgan) på landsplan. Men mest kjent er han som leiar av Politiets Fellesforbund gjennom 13 år. Hans emne var ”Rus som samfunnsproblem” og stilte spørsmålet om problemet fekk den merksemda som det fortener. Han snakka om rus i trafikken, og det meste av vold og kriminalitet er rusrelatert. Det meste av rusen skyldes alkohol. Selv om narkotika er ei viktig sak, står det for ein langt mindre del av kriminaliteten. Han kom og inn på skjenketidene og praksisen på skjenkestadene. Er det lett å få skjenkeløyve, må det og reagerast ved brot på skjenkelova og få konsekvensar for skjenkestaden. Det ser ein sjeldan noko av.

Eivind Hasle, leiar av Actis i Møre og Romsdal og varaordførar i Surnadal, snakka om organisasjonane sin plass i samfunnet. Han gav eit oversyn av framveksten av organisasjonar frå midten av 1800-talet til i dag. I Noreg er det no om lag 280 organisasjonar og 80 000 lokallag. I det ”Frivillige Noreg” er det over 10 millionar medlemskap.  Det første edruskapslag i Noreg vart skipa i 1836, og edruskapsorganisasjonane hadde stor vekst utover 1800-talet. Av andre organisasjonar med brei oppslutning nemde han misjonsforeningar, arbeidarrørsla, bondelag og idrettslag. Fellestrekk er brei rekruttering, både geografisk, sosialt og økonomisk. Organisasjonane er sosial møtestad og stad for felles aktivitetar. Det er og stad for skolering og læring. Mange politikarar har fått grunnopplæringa i organisasjonskultur og møteleiing i ein organisasjon.

Tommy Fjeldheim, som har skrive boka ”Tenk som en kriger”, har bakgrunn frå Forsvaret som spesialjeger. Tittelen på foredraget hans var: ”Nå dine mål med mental styrketrening”. Han snakka om å ha mot til å gjennomføre – realisere seg sjølv og korleis omsete kunnskap til ferdigheit. Det er samanheng mellom mentale barrierar og etablerte sanningar. Gå inn i deg sjølv og sjå kva du er god for. Det er og viktig: Du er ikkje åleine, men avhengig av dei menneska du er saman med. Familien er viktig. Det verste for eit menneske er ikkje frykta for å døy, men frykta for ikkje å bli likt og frykta for ikkje å strekke til. Tryggleik gir styrke.

”Vi kan også velge bedre helse og livskvalitet” var emnet som generalsekretær Geir Rise frå Den norske legeforening talte om. Han poengterte samanhengen mellom alkohol og helse. Alkohol er ein sentral risikofaktor i samband med sykdom og dødsfall. Rusproblemet er eit samfunnsproblem, og alkoholen er i størst grad årsak til rusproblema. Alkoholen er årsak til fire gonger så mange helseskadar som andre rusmiddel. Vi kan redusere alkoholskadane.

Dette er noko vi kan gjerer nok med – både den einskilde og samfunnet. Vi kan gjere valg som reduserer alkoholforbruket, og våre valg har og betydning for andre. Vårt føredøme kan avgjere andres valg. For dei som har alkoholproblem er det lettare å seie ”nei” når andre gjer det. Vi skal ta vare på kvarandrer. For ein som drikk, blir det ofte alkoholproblem og redusert livsverdi ikkje berre for den som drikk, men og for fleire andre i familien. Mellom 50 000 og 150 000 barn bor saman med foreldre som har eit risikofylt alkoholforbruk.

Dei siste 10 åra har talet på innleggingar relatert til alkohol auka kraftig på helseinstitusjonane. Det er viktig å få ned det totale alkoholforbruket, og i den samanhengen er alkoholpolitikken viktig. Både talet på skjenkestadar og skjenketidene har betydning.  Oluf Palme sa: ”Politikk er å ville”. Politikerne må syne at dei vil noko – at dei vil ta ansvar og få redusert alkoholproblema. Dei har ansvar for den einskilde og for å gi barn og unge gode oppvekstvilkår.

”Du blir ikkje heit av det du ikkje veit” hadde fylkespolitikar Johannes Sandstad kalla kåseriet sitt. Han hadde tidlegare vore rektor ved Val videregåande skole. Han tok utgangspunkt i ei ny helsegransking i Nord-Trøndelag. Det er samanheng mellom alkoholforbruk og helse. Vidare kom han inn på IOGT’s historie og organisasjonen i dag. Han var nokså ny som IOGT-medlem – berre to år – og snakka om verdien av det arbeidet som IOGT driv. Det er viktig med ildsjeler for å få gjennomført oppgåver og for å få andre med. Det er viktig å verve nye medlemmer, å engasjere medlemmene og å etablere alkoholfrie møteplassar. Fleire må bli med for å dra lasset.

Talet på dødsfall som alkoholen er skuld i, er mindre i Noreg enn i mange andre land, men likevel betydeleg. Mange unge får og psykiske problem på grunn av foreldre som drikk. Ebola-epidemien i Vest-Afrika har krevd vel 5000 dødsfall. Det er alvorleg, og det skriv avisene om. I Vest-Europa – med om lag samme folketal som Vest-Afrika – er det årleg om lag like mange ungdomar som døyr på grunn av alkohol. Det skriv avisene lite om.

Ved festmiddagen om kvelden var det underhaldning med variert program. Sigbjørn Kvistad hadde ein humoristisk kavalkade, og det var kåseri av CecilieTorbjørnson. Ein minikonsert vart framført av Edgar Paulsen. Nestleiar i IOGT Region Midt-Norge, Per-Arne Lillebø, som hadde planlagt og leia seminaret, overeleverte flotte serveringsbrett med Møre-kunst til fordraghaldarane og dei andre aktørane.

John Almendingen – sekretær i Region IOGT Midt-Norge.