Sommarhelsing frå regionen

Til alle IOGT-lag og områda i Region Midt-Norge.

Det er juni og sumaren står for døra, kanskje for nokon allereide komen med solskin og varme. Sumartid vil vel for dei fleste seie mindre organisasjonsaktivitet.
I mai-juni har IOGT Region Midt-Norge hatt aksjon og stand i alle områda i regionen. Vi starta i Mosjøen 5. og 6. mai og seinare i områda lenger sør. Det har over alt vore godt frammøte på standane, og mange har skreve på kort til politikarane med ynskje om eit tryggare uteliv. Aksjonane har og fått god presseomtale.

Det er i denne omgangen fokusert på Tryggare uteliv, og det vil det og bli fokusert på til hausten i samband med kommunevalet i september. Før valet er det fint om IOGT-arane spør politikarane om kva standpunkt dei tek i alkohol-spørsmål. Det kan vere å spørre politikarane som stiller opp på stand eller på åpne møte. Aktuelle spørsmål kan vere ulike i dei forskjellige kommunar. Det kan til dømes gjelde tal på skjenkestadar, skjenketider, ølsalg i butikk, eventuelt kommunalt ølmonopol og kontroll. Eit kommuneval dreier seg m.a. om korleis ruspolitikken skal førast i lokalsamfunna våre. Ruspolitikken dreier seg om gode og trygge møte- og samværsstader for born, ungdom og vaksne. Det dreier seg om fritidstilbod og kultur- og læringsarenaer for heile befolkninga, og det dreier seg om livsstil, folkehelse og levekår både for dagens generasjon og for dei som veks opp.

Kommunen har m.a. fått eit hovudansvar for at Alkohollovas formål blir følgt, der det heiter i formålsparagrafen:

§ 1-1. Lovens formål. Reguleringen av innførsel og omsetning av alkoholholdig drikk etter denne lov har som mål å begrense i størst mulig utstrekning de samfunnsmessige og individuelle skader som alkoholbruk kan innebære. Som et ledd i dette sikter loven på å begrense forbruket av alkoholholdige drikkevarer.

Det er all grunn til å vere bekymra over den måten mange kommunestyre har oppfatta ansvaret sitt dei seinare åra. Det gjeld t.d. tildeling av og tildelingskriteriar for sals- og skjenkeløyve for alkohol, det gjeld opplæring, oppfølging og kontroll av at regelverket blir følgt, og det gjeld vurderingar av samanhengane i lokalsamfunnet mellom t.d. auken i alkoholbruk og veksten i illegal rusmiddelbruk, og samanhengane mellom rusmiddelbruken og veksten i psykiatri, sosialutgifter og rusbehandling. Og ikkje minst gjeld det dei store behova for for betre ettervern og barnevern, og samanhengane mellom rusmiddelbruk og fråfalls- og fråværsproblematikk i utdanning og arbeidsliv. Ein aktiv og kunnskapsbasert lokal rusmiddelpolitikk vil vere til fordel for kvar enkelt kommune og heile fylket.

Frå IOGT Region Midt-Norge vart det i desember 2014 sendt eit skriv til dei politiske partia
med oppfordring om å ta med alkoholpolitiske standpunkt i partiprogramma. Det kan vere
grunn til å sjå etter kva partiprogramma har med om alkoholpolitiske spørsmål.

Før valkampen er kome skikkeleg i gang har IOGT landmøte i Bergen 14.-16. august, og
mange av dykk skal vel dit. Der er det mange viktige saker som skal drøftast og avgjerast.
Mellom anna er det forslag om endringar i IOGT sitt lovverk. Det gjeld både formål og struktur.
Landstyret sitt forslag til endringar, finn ein på IOGT si heimeside. Spørsmål om nedlegging av områda er ei aktuell sak. Styret for IOGT Region Midt-Norge har i styremøte 8. desember 2014 gjordt følgjande einstemmige vedtak:

Styret for IOGT Region Midt-Norge går innfor at Landsmøtet ikke gjør endringer i
organisasjonsstrukturen.
Det ble store endringer i organisasjonsstrukturen på IOGT-kongressen i Bergen i juli 2007,
og vårt inntrykk er at den har fungert godt. Det er naturlig at store strukturendringer trenger noe tid for å gå seg til og komme i fullstendig funksjon. Vårt inntrykk er at den nåværende organisasjonsstruktur er i ferd med å går seg til slik at den etter hvert vil fungere godt.

Regionstyret skal ha styremøte 18. juni og då drøfte landsmøtesakene. Det er uvisst om regionstyret held fast på sitt vedtaket frå 8. desember 2014.

Vi vil og minne om inspirasjonsseminaret på Værnes 30. oktober. Vi vonar at mange av dykk kjem dit. Invitasjonen til seminaret er enno ikkje sendt ut då programmet enno ikkje er heilt klart. Regionstyret skal ha møte 18. juni. Både programmet for seminaret og aktiviteten elles for hausten vil då bli drøfta.

Sjølv om haust-programmet enno ikkje er fastlagt, kan ein seie at regionstyret tek sikte på å kunne vitje dei fleste lag og områda i løpet av hausten. Det legges opp til Kvit jul-aksjonar i november og tidleg i desember.

Så vil vi ynskje dykk alle lukke til med det vidare arbeidet for IOGT.

Med helsing frå styret for IOGT Region Midt-Norge.

Per-Arne Lillebø (leder)

Per Arne

John Almendingen (sekretær)

John Almenningen