hell2

Inspirasjonsseminar

IOGT Region Midt-Norge byr inn til seminar på Scandic Hell Hotel Værnes (ved flyplassen), fredag 30. oktober 2015 – kl 1600.

Vi ynskjer velkomen til ein dag med påfyll av fagleg innhald. Kvifor organissasjonsbygging, medlemsverving, eigenutvikling – og det gode smilet?

På dette dagseminaret vil vi dele erfaringane våre, gje inspirasjon og “nøklar” for korleis skape eit godt organisasjonsarbeid.

Her kan du få svar på spørsmåla dine om korleis du kan takle utfordringar ein møter i arbeidet for ein rusfri livsstil.

“Engasjement, idealisme og optimisme – gjer ein skilnad“

“Tidlegere statsminister i Sverige, Olof Palme, vektla betydninga av at politikk er å ville. Utan å ville noko, skjer det heller ikkje mykje. Engasjement og ein vilje til å skape eit betre samfunn med mindre bruk av alkohol ligg som ein grunnplanke i fråhaldsrørsla si historie. Å ville noko, viser att i arbeidet for betre livskvalitet og gode helsevanar for fleire. “Al Sygdom kommer av Mad og Drikke”, sa Ludvig Holberg i “Barselstuen”, som han skreiv for omlag 300 år sidan. I dag er ikkje-smittsame sjukdomar (alkohol, tobakk, fedme, inaktivitet) vår tids største helseutfordring. Holberg, som ein av dei viktige personane i opplysningstida i Skandinavia, var inne på noko viktig. Vi kan førebygge skadar, vald og mykje sjukdom, om vi berre vil og kan. Betydninga av ein restriktiv alkoholpolitikk har i dag brei støtte, ikke minst frå Verdens Helseorganisasjon (WHO). Politikk er å ville, og må følgjast opp av engasjement. Den trua som fråhaldsrørsla sitt arbeid var fundert på i sin tid, er i dag erstatta av kunskap. Lovgivninga på rusmiddelområdet har sterke røter tilbake til fråhaldsrørsla sitt arbeid. Å ville noko, gir resultat.På inspirasjonsseminaret vil vi trekkje fram eksempel på at det å ville noko, nyttar. Å motivere for lokalt arbeid og engasjement er like viktig no som før”.

Program

1600 Velkomen – Registrering

1615 Geir Riise:

  • Å ville – en driftkraft for bedre livskvalitet .Geir Riise er utdanna lege, som gjennom åra har vore innom Statoil (sjefslege), NHO (avdelingsdirektør), Hjelp 24 (direktør) og Posten (HMS-direktør). Generalsekretær i Den norske legeforening frå 2009.

1645 Pause

1700 Hanne Cecilie Widnes:

  • Hvordan kan vi skape større aksept for å velge alkoholfritt? Hanne Cecilie er generalsekret i IOGT i Norge og utdannet sosiolog. Hun er nestleder i Actis- Rusfeltets samarbeidsorgan og styremedlem i IOGT International.

1730 Frukt- og kaffipause

1800 Per de Lange:

  • Til Rusfrihetens Pris! – 200 år med brytninger, kamp og samspill. Utdanninga til Per de Lange, med mastergrader innan folkehelse og ernæringsfysiologi, skriv seg frå USA på 1980-talet. Han er i dag ansvarleg for helse-og sosialarbeidet i Adventistsamfunnet, i tillegg til å vere fagleg ansvarleg redaktør av Sunnhetsbladet.

Per-Arne Lillebø – seminarleiar.

Etter seminaret

Festmiddag med underhaldning

Per og Monica de Lange

  • byrja sitt musikalske samarbeid som studentar på college i England mot slutten av 60-talet. Sidan har det halde fram i 47 år. Gjennom åra har det vorte 6 LP/MC-produksjonar, 1CD og nyleg ein dobbel-CD med reproduksjon av tidlegare LP/CDmateriale. Dei syng høvesvis baryton og sopran, plystrar, og spelar ei rekkje ulike instrument.

Bjørn Austigard

  • “Bruk og gjenbruk, før og no”

Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen!