Kampanje “Tryggere uteliv”.
Gisle Bangsund var på stand for IOGT Region Midt-Norge i Mosjøen

Det er “kult” å vere ein ekte IOGT-ar

I tidlegare tider var det nærast ein vane at folk på bygdene samlast om fråhaldssaka gjennom medlemskap i losjane og deltaking på møte og store tilstellingar – dei årlege stemna. Ein romantisk dåm ligg over minna som besteforeldre og oldeforeldre kunne fortelje om frå si ungdomstid då folk samla seg under fanene og drog på stemne.

Kampanje mot fyll i ferien. Per-Arne Lillebø og Gisle Bangsund på stand i Trondheim

Kampanje mot fyll i ferien.
Per-Arne Lillebø og Gisle Bangsund på stand i Trondheim

I dag har miljøet hardna til for både unge og eldre. Dei aktive organisasjonane som arbeider for ein sunn livsstil utan rus trengst meir enn nokon gong – konkurranse med alle tilboda vi har fått er uendeleg stor. Derfor krevst det at vi trør til og gjer kjent kva våre organisasjonar står for gjennom edruskapspolitisk arbeid, profilering og merkevarebygging.

Vervekampanje i Rørvik. Vervekampanje i Rørvik.

Vervekampanje i Rørvik.
Johannes Sandstad agiterer for medlemskap.

På mange måtar kan profilering av vårt arbeid samanliknast med det vi ser i næringslivet, der alt er bygt opp kring ei merkevare der immaterielle verdiar har sterk fokus. Skal vi oppleve at våre medlemer er stolte av sitt medlemskap og at nye medlemer melder seg inn må vi arbeide slik dei mest vellukka bedriftene gjer i marknaden sin og vere tru mot regelverket som til ei kvar tid gjeld for presentasjon av bedrifta.

“Kvit jul” i Brønnøysund. Roar Olsen til venstre og Per-Arne Lillebø

“Kvit jul” i Brønnøysund.
Roar Olsen til venstre og Per-Arne Lillebø

Vi må setje oss høge, men realistiske mål for vårt arbeid og gjere oss synlege på ein einsarta måte både i media, på nettet og på stand. Konsekvent bruk av logo, typografi og grafiske element er viktige i arbeidet med å gjere oss til ei attraktiv merkevare som alle kjenner att og gjerne vil identifisere seg med.

Aktuelle tema på stand

Vi har nok ein veg å gå før vi er aktive nok på sosiale media på nett, men vi er til stade der folk faktisk møtest, med ulike kampanjar. Aktuelle kampanjar er ute denne arbeidsbolken: “Tryggere uteliv”, “Fyll ferien”, “Verving”, og “Kvit jul”. Sjølv om fråfallet frå våre organisasjonar er merkbart, opplever vi at nye medlemer kjem til når vi møter folket på stand, og i enkelte ungdomsmiljø har det blitt kult å gå på byen edru. Dette stimulerer oss til vidare innsats og vi oppmodar fleire å ta del i det viktige feltarbeidet vårt.

Vårt mål er at alle skal syns at det er “kult” å gå på byen edru!