iogtlaga

Frå IOGT Region Midt-Norge – September 2015

Til alle IOGT-lag og områda i Region Midt-Norge.

Det er snart haust og tid for ny IOGT-aktivitet. Sumaren har i vår region stort sett vore kald og våt, men det har no i august vore nokre fine sumardagar, og vi får vone at sumarvarmen held fram litt til.

Haustens IOGT-aktivitet starta med landsmøtet i Bergen 14.-16. august.

Frå regionstyret møtte leiar Per-Arne Lillebø, nestleiar Johannes Sandstad og sekretær John Almendingen. Frå område i Region Midt-Norge møtte 5 utsendingar.

Hanne Gade Ringdal vart attvalt som leiar i IOGT. Nils Johan Svalastog Garnes held fram som nestleiar.

Vi hadde 15 endringar i lovverket til handsaming. Lovverket heiter no vedtekter. Ikkje alle endringane var like store, men dei viktigaste var:

  • Vi har framleis område, men har endra representasjonsretten til landsmøtet slik at både regionane, områda og avdelingane kan no sende representantar til landsmøtet.
  • Vi har fått eit redusert sentralstyre uten arbeidsutval, men landsstyret held fram som før.
  • Vi har fått ein ny formålsparagraf som er meir i samsvar med samfunnsoppdraget som vart vedteke på landsmøtet i 2013.
  • Vi har fått ei forenkling av medlemskriteriet. Det er framleis slik at medlemmer i IOGT ikkje bruker alkohol eller andre rusmiddel, men elles viser ein til formålsparagrafen for kva organisasjonen står for.

Etter den informasjon vi har fått, har alle områda og avdelingane no fått landsmøte-protokollen og arbeidsplanen som e-post frå IOGT Norge.

Arbeidsplanen seier at målet for perioden er å gjere IOGT til ein meir synleg samfunnsaktør.

Dette skal vi gjere gjennom tre satsningsområde:

”1. Tryggere uteliv. 2. Bevissthet rundt alkoholkultur. 3. Arbeid for utsatte grupper.” 

Når det gjeld organisasjonsutvikling vil verving framleis vere eit viktig punkt, saman med å knyte dei ulike delane av organisasjonen tettare saman og ved å moblisere fleire firvillige til det arbeidet vi gjer.

Landsmøtet vedtok 6 utsegner. Dei er sendt som e-post frå IOGT Norge til alle område og lag.

Etter landsmøtet har regionleder Per-Arne Lillebø og kampanjeleiar Gisle Bangsund hatt stand med verving og organisasjonsbygging i Ålesund, Spjelkavik, Trondheim og Stjørdal.

Det har over alt vore godt frammøte på standane, og mange har skreve på kort til politikarane med ynskje om eit tryggare uteliv.

Regionstyret hadde møte 25. august og planla då vidare aksjonar i Sandnessjøen, Brønnøysund, Kristiansund, Molde og i Trøndelag.

Elles er det planlagt Kvit jul-aktivitet fleire stadar i regionen i november og tidleg i desember. Regionstyret tek sikte på å kunne vitje dei fleste lag og områda i løpet av hausten.

Det er og planlagt alkoholpolitisk møte i samarbeid med Område Namdal på Lauga i Ytre Namdal 26. september og i samarbeid med Område Nøre Sunnmøre i Ålesund 11. november.

Vidare er det planlagt seminar om skjenking, vold og forebygging i Ålesund 1. oktober og i Namsos 13. oktober. Desse arrangementa har eit sentral opplegg med Roald Heggernes frå IOGT Norge og er i samarbeid med Region Midt-Norge.

Vi vil og minne om inspirasjonsseminaret på Værnes 30. oktober. Vi vonar at mange av dykk kjem til dette seminaret, som vi vonar vil gje ny kveik til arbeidet  i IOGT.

IOGT Norge melder at mange av IOGT-medlemmene har ikkje betalt kontingenten for 2015. Vi vil be områdeleiarane ev. lokallagsleiarane sjå på dei medlemslistene som er lagt ved og ta kontakt med dei som står med ubetalt kontingent.

IOGT trenger medlemmene, så vi håper dei fleste betaler kontingenten.

Så vil vi ynskje dykk alle lukke til med det vidare arbeidet for IOGT.

Med helsing frå styret for IOGT Region Midt-Norge.

 

Per-Arne Lillebø  (leiar)                          John Almendingen (sekretær)