tonettside

Redusert skjenketid gjev mindre vold

IOGT arrangerer en serie med alkoholpolitisk seminarer rundt om i landet i høst. Først ute var Ålesund.  Her deltok både politikarar, representantar frå utelivsnæringa, kommunalt tilsette og representantar frå frivillige organisasjonar, og tilsammen nær 30 deltakere.

Politioverbetjent Arild Helland innleia om den lokale situasjonen når det gjeld alkohol og vold. Han snakka og om det førebyggande arbeidet som vert gjort i dag. Konklusjon hans var at sjølv om det er ein god del forebyggande aktivitet både av politi og kommunen, og i samarbeid med utelivsnæringa, er det framleis utfordringar i Ålesund i høve til å få minska utelivsvolden og i høve til bedre kontroll for å hindre overskjenking og skjenking av mindreårige.

Forskar Bergljot Baklien snakka om det ein ut frå forskning veit om samanhengen mellom alkohol og vold, og det vi veit om kva førebyggande tiltak som verkar. Det er godt dokumentert at konsum av alkohol er ein viktig risikofaktor for vold. Nasjonal og internasjonal forskning syner at endring av skjenketider følges av endring i voldsomfanget. Når skjenketidene vert lengre, får vi meir vold, og redusert skjenketid gjev mindre vold.

Politistasjonssjef Arve Nordtvedt frå Trondheim fortalte om erfaringane frå Trondheim. Trondheim kommune reduserte skjenketida til kl. 02.00 i 2008 og opplevde at talet på voldssaker vart redusert med 70% i timen mellom kl. 03.00 og 04.00. Talet på legemsskade (fysisk vold) vart redusert med 33,7 % samanlikna med året før innskrenkinga av skjenketida. Voldsomfanget har seinare holdt seg på dette nivået.

Politisk rådgjevar Roald Heggernes oppsumerte med IOGT’s tilråding til kommunepolitikarane.

Som avslutning på seminaret var det paneldebatt med politikarar frå AP, KrF, SV og FrP.

Det er ein ny politisk situasjon i Ålesund. Byen vil no bli styrt av eit fleirtal frå AP og KrF.

Etter samarbeidsplattformen vil det bli ført ein meir restriktiv alkoholpolitikk. Både Ap og KrF går inn for å redusere skjenketida med ein time, frå 03.00 til 02.00, og  alle politikarane gav uttrykk for at den kunnskapen dei fekk presentert på seminaret, var særs nyttig og vi ha betydning når dei snart skal drøfte skjenkepolitikken for dei neste fire åra.

John Almendingen – sekretær for IOGT Region Midt-Norge