Sommarbrev 2016 – Region Midt-Norge

Sommarbrev 2016
Til alle IOGT-lag og områda i Region Midt-Norge og andre IOGT-arar.
Vi har alt lagt bak oss første halvår av 2016, og etter kalenderen er det høgsommar, sjølv om vi til no har hatt få dagar med sommarvarme. Det siste har det vore noko betre, så det ser ut til at sommaren er i emning. Vi får vone at meir sol og sommartemperatur er i vente.
Ved eit halvårsskifte er det naturleg å sjå attende på det halvåret som er gått.

I januar og februar var regionleiaren til stades på årsmøte i dei fleste områda og i mange lokale lag og losjar. Vi veit at fleire av dei nyvalde lokalstyra er komne godt i gang med IOGT-arbeidet, og vi ynskjer alle lukke til med arbeidet.

Mange av dykk var på årsmøtet i Molde 15. april. Der var ca. 30 deltakarar, og vi trur møtet gav inspirasjon og ny giv til arbeidet i organisasjonen. På årsmøtet vart det vedteke nokre endringar i regionen sine tilleggslover, og det vart og vedteke ei utsegn om alkoholbruken ved kulturarrangement.

Det siste har det skjedd ei liberalisering av alkoholpolitikken i Norge. Det er derfor viktig at noen viser skadane som følgjer med alkoholen og prøver å redusere bruken av alkohol. Elles i Europa ser ein no fleire stadar restriksjonar og innstramming i alkoholomsettinga då det har synt seg at skadane ved alkoholkonsumet er betydelege. Ved fotball-VM i Frankrike nå i sommar vart det fleire stadar forbud mot alkoholomsetting.

Bilde frå kampanje Fyll ferien frå venstre kampanjeleiar Gisle Bangsund og regionleiar Per-Arne Lillebø

Regionen har arrangert verveaksjonar og stand i dei fleste områda. Det er regionleiar Per-Arne Lillebø og kampanjeleiar Gisle Bangsund som har stått for aksjonane, delvis med støtte av lokale IOGT-arar. Det er viktig med lokaleaktørar ved slike arrangement. Mange likar å sjå aktørar som dei kjenner og som er frå lokalmiljøet. Vi har fått god pressedekning, og i lokalavisene er det positivt dersom det synes lokal aktivitet. Medlemsverving har vore ei hovudsak ved aksjonane.

I mai og juni vart det og fokusert på ferieliv utan alkohol.
Aksjonane er viktige for å skape haldningar mot alkoholbruk. Undersøkingar syner at dei unge drikk mindre alkohol enn tidlegare. Det er dei eldre som står for det største alkoholkonsumet. Tidlegare fokusert aksjonane særleg på dei unge sine drikkevanar. Kanskje er det holdningskampanjar som har gjort verknad. I alle fall er det grunn til å tru at
aksjonar og holdningskampanjar er med å halde alkoholkonsumet nede.

Ved dei aksjonane regionen har hatt i 2016 er det verva ca. 270 nye IOGT-medlemmer. Då IOGT har ein del fråfall av medlemmer, er medlemsverving viktig for å hindre reduksjon i medlemstalet. Vi vonar derfor at mange IOGT-arar prøver å verve nye medlemmer også utan om aksjonane. Det er og viktig at losjane og lokalaga tek i mot dei nye medlemene – inviterer dei til arrangement og gjerne gjev dei oppgåver lokalt.

Regionstyret har allereide planlagt ein del nye aksjonar til hausten, men detaljane er enno ikkje klar. I november og  desember blir det som vanleg Kvitjul-aksjonar mange stadar. Det er og tanken å få arrangert et ruspolitisk møter, mellom anna i Ålesund i november. Områder og lag må gjerne ta kontakt med regionstyret dersom det er ynskje om
samarbeid om ruspolitiske møter.

Elles vil vi minne om inspiasjonsseminaret i Ålesund 28. oktober. Vi vonar at mange av dykk kjem dit. Vi viser til programmet og invitasjonsskrivet som er lagt ved.
Så vil vi ynskje dykk alle lukke til med det vidare arbeidet for IOGT.

Med helsing frå styret for IOGT Region Midt-Norge.

Per-Arne Lillebø (leiar) John Almendingen (sekretær)