Inspirasjonsseminar

Last ned programmet her!

IOGT Region Midt-Norge inviterer til inspirasjonsseminar på Scandic Parken i Ålesund, fredag 28. oktober 2016 – kl 1500 Seminaret er også tilgjengeleg for andre interesserte.

Ålesund

Kvifor organissasjonsbygging? Medlemsverving –
Eigenutvikling – og det gode smilet.

På dette dagseminaret vil vi dele erfaringane våre, gje inspirasjon og “nøklar” for korleis skape eit godt organisasjonsarbeid.Her kan du få svar på spørsmåla dine om korleis du kan takle utfordringar ein møter i arbeidet for ein rusfri livsstil.Vi ynskjer velkomen til ein dag med påfyll av fagleg innhald!

Meir modig og ambisiøs alkoholpolitikk

Vi treng alltid nokon som går fremst og viser veg. Personar og miljø som får til ein open og modig samfunnsdebatt og som vågar og tør. Og som samtidig har ambisjonar som kan gjere livet betre for fleire. Søren Kierkegaard (1813-1851), dansk filosof som prega si samtid med  kloke refleksjonar om livet, er framleis aktuell i vår tid: – “Å våge er å miste fotfestet en liten stund. Å ikke våge er miste seg selv”, sa Kierkegaard. Tydinga av å våge kan ikkje seiast betre.

For mykje sjukdom og skade skuldast hjarte- og karsjukdom, diabetes, lungesjukdom og kreft. Stortinget har slutta seg til Verdens helseorganisasjon (WHO) om å redusere for tidleg død av desse sjukdomane med 25 prosent innan 2025. I den samanheng har også Norge slutta seg til WHO sine mål om å redusere alkoholforbruket med 10 prosent innan år 2025. Det skjedde ved behandlinga av folkehelsemeldinga i Stortinget som omhandla -Meistring og mulegheiter.

Om vi i Norge skal nå dette målet treng vi ein meir modig og ambisiøs alkoholpolitikk. Det er ikkje nok å ha ambisjonar på papiret, det må også omsettast i praktisk politikk. Politikarar må ha mot til å gjere val som no kan vere upopulære. Men som på lang sikt kan gi auka stønad og oppslutning. Søren Kierkegårds ord om tydinga av å våge, er verdt å lytte til også 160 år etter hans bortgang.

Fråhaldsrørsla har ei stolt historie kjend for å ta modige og framsynte val. Vi må støtte opp under politikarar som er modige og går først. All politikk er lokal, sa den amerikanske kongressmannen Tip O´Neill for 35 år sidan . Gjennomslag for politikk blir avgjort av kor godt ein forstår kva veljarane lokalt er opptatt av. Lokalt er mange veljarar opptatt av for eksempel gode oppvekstvilkår for barn -og ungdom, tryggleik i nærmiljøet, god kommuneøkonomi, ein god skule og god helse. Å kunne grunngje politiske vegval ut frå slike lokale ønskje, er viktig.

På seminaret vil vi belyse tydinga av ein meir modig og ambisiøs alkoholpolitikk og korleis denne kan gi gjennomslag og oppslutning lokalt – der folk bur og lever sine liv. Ein fellesnemnar er å vere ein del av løysinga, – ikkje ein del av problemet.

Vel møtt!

Foredragshaldarane:

Geir Riise:

Utdanna lege, som gjennom åra har vore innom Statoil (sjefslege), NHO (avdelingsdirektør), Hjelp 24 (direktør) og Posten (HMSdirektør). Generalsekretær i Den norske legeforening frå 2009.

Mari Greta Bårdsen:

Politisk rådgjevar i Actis (Rusfeltets Samarbeidsorgan). Arbeide mellom anna med lokal alkoholpolitikk. Utdanna statsvitar frå NTNU. Tidlegare prosjektleiar i Akans studentprosjekt i Trondheim.

Ingar Bøen:

Politimeister i Møre og Romsdal. Han er cand. jur. Tidlegare har Bøen vore politiinspektør i Sunnmøre politidistrikt, statsadvokat i Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane statsadvokatembeter.

Ola Honningdal Grytten:

Professor ved Institutt for samfunnsøkonomi, Seksjon for økonomisk historie ved Norges Handelshøyskole (NHH) og professor II ved Hauge School of Management (NLA).

Last ned programmet her!

Siste nytt fra Inspirasjonsseminar

Aktiviteter i Inspirasjonsseminar