Ferie med gode opplevingar

Sommarferien skal gje eit avbrekk frå kvardagen og gje gode minne for resten av livet. Det gjeld like mykje for barn som for vaksne. Men dessverre er det ikkje alltid slik. Mange barn har uhyggelege ferieminne på grunn av drikkinga tilforeldra og andre vaksne.

IOGT er ein rusførebyggande organisasjon. IOGT Region MidtNorge, som dekker Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland, er noigang med ein kampanje med stand på fleire tettstader i regionen. Det vert særleg fokusert på alkoholkonsumet i sommarferien og den uhygge mange barn opplever i den samanheng.

Sommarferien skal gje eit avbrekk frå kvardagen og gje gode minne for resten av livet. Det gjeld like mykje for barn som for vaksne. Men dessverre er det ikkje alltid slik. Mange barn har uhyggelege ferieminne på grunn av drikkinga tilforeldra og andre vaksne.

Sommar er høgsesong for foreldrefyll i Syden, og kvart år høyrer vi forteljingar om små barn som må klare seg sjølv for di foreldra er overstadig rusa. For barn er det skremmande opplevingar, som dei ikkje bør bli utsett for. Barna sine behov for tryggleik bør alltid kome i første rekke.

Ei undersøking utført av Ipsos MMI syner at 23 prosent av alle nordmenn opplevde andre foreldre ruspåverka saman med barn sist dei var på sommarferie. Vidare seier 13 prosent at dei sjølv var rusa. Ved ei anna spørreundersøking oppgjev 5 prosent at dei såg besteforeldre alkoholpåverka saman med barn. Barn trivst best med edrue vaksne, og dei merkjer snart endringane i framferda hos dei vaksne når dei har drukke.

Tall frå Folkehelseinstituttet fortel at minst 90.000 norske barn har foreldre som misbrukar alkohol. Alkoholforbruket i Norge har auka med om lag 40 % dei siste 20 åra. Det er i stor grad fleire kvinner og fleire eldre som drikk meir enn før. Ungdom derimot drikk mindre alkohol enn tidlegare. Men sjølv om ungdom drikk mindre alkohol enn tidlegare, er det likevel mange som ofte opplever utidig drikkepress. Dette bør ingen bli utsattfor.

For IOGT er det viktig at det skal bli akseptert at ein ikkje drikk alkohol. Ingen skal måtte møte drikkepress. Dette er ei utfordringidag, da alkohol høyrer med i mange sosiale samanhengar, og det sjeldan vert stilt spørsmål om kvifor det er slik. IOGT vil derfor sette eit kritisk blikk på alkoholkulturen. IOGT vil bidra til at fleire set spørsmålstegn ved den rolla alkoholen har i vår kultur og gjere det enklareåta alkoholfrie val. IOGT vil ynskje alle ein god ferie utan alkohol!

For IOGT Region Midt-Norge Per-Arne Lillebø (leiar) og John Almendingen (skrivar)
Leserinnlegget sto bl.a. på trykk i Sunnmørsposten den 1. juli, Brønnøysund avis den 2. juli, Varden den 3.juli og avisa Sør-Trøndelag den 4. juli.

12.00-15.00 23. mars 2023

Universitetet i Sørøst-Norge, Campus Drammen, Grønland 58

12.00-15.00 29. mars 2023

«Fremtiden» i Pellygata 70 i Sarpsborg

12.00-15.00 31. mai 2023

Kristiansand teateret, ‍Kongens gate 2

9.00-12.00 9. juni 2023

Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5

Nyheter

FNs narkotikakommisjon (CND) har sitt årlige møte i Wien i mars. I forbindelse med det inviterte Helse- og omsorgsdepartementets til dialogmøte for organisasjoner på rusfeltet. Her er innspillet fra generalsekretær Hanne Cecilie Widnes, som representerte IOGT.

Vil du følge opp medlemmer og frivillige i en engasjert og meningsfull organisasjon på rusfeltet?

Søknadsfrist: 10.02.2023

Send søknad på finn.no

Irland får innføre lov om helseinformasjon og advarslar på alkohol. Også norske forbrukarar bør få slik kunnskap, så dei kan ta gode helseval, meiner IOGT.