Robert Tron Tjomlid i Ålesund vart tidlegare i år medlem av IOGT, i samband med ein ringjerunde som IOGT Region Midt Norge har gjort for å få fleire medlemar i organisasjonen.
Til dagleg er Robert lærar, og i tillegg er han musikar, songar, låtskrivar og diktar. Han reiser rundt og held konsertar, aleine og med band, og han har ei eiga diktside på sosiale media. På inspirasjonsseminaret i Ålesund torsdag 16. september vil han delta med song og musikk.
- Dei sakene som IOGT står for og arbeider med, står hjarta mitt nært. Alkohol er vorte den nye normalen, og for nokre drikkes det til maten fleire gongar i veka. Forsking frå Frankrike og Middelhavslanda syner at alkoholbruk fører til mykje skjult misbruk og dødsulykker i trafikken. I Norge så har vi gjerne no både alkoholdrikkinga til maten, og så helgafylla i tillegg. Difor er det så viktig at vi har IOGT og andre ruspolitiske organisasjonar som arbeider aktivt med folkeopplysing set fokus på kva alkohol eigentleg medfører.
Lett tilgjenge aukar bruken
For Robert er dette med tilgjenge til alkohol punkt ein, om ein eventuelt tenkjer at ein skal klare å nå Verdas Helseorganisasjon (WHO) sitt mål om 10 prosent reduksjon av skadeleg alkoholbruk innan 2025.
- Alkohol er i dag ei lovleg vare, og ein kan ikkje bli kvitt alkoholen. Eg har heller ikkje trua på ei forbod, men på folkeopplysing. Hadde alkoholen vore ei ny vare som kom på marknaden i dag, ville alkoholen truleg vorte forboden, sidan skadeverknadene og dei samfunnsmessige sidene av alkoholbruk er så store og kostbare både på individnivå, pårørandenivå og samfunnsøkonomisk. Det er difor ekstra viktig at IOGT og andre organisasjonar framsnakkar ein rusfri livsstil, og kva positive sider det medfører å ikkje drikke alkohol. Vi veit at auka tilgjenge aukar konsumet. Ergo må ein her tenkje førebyggjande.
Opphavleg kjem Robert frå Sirdal - og Sør-Afrika. Han er fødd i Zambia, og har budd i Tanzania og Kenya. Mora er engelsk og han har difor sett korleis ulike kulturar behandlar utfordringane knytta til alkohol.
- Er det framleis tabu dette med alkohol? Det er tragisk at ein ikkje snakkar om skadeverknadane og talet på sjukehussenger som blir brukt til alkoholrelaterte skadar.
Ulike alkoholtradisjonar
Etter å ha arbeidd mange år på Borgund Folkehøgskole (Borg) i Ålesund, dagens Ålesund Folkehøgskole, er han no tilsett hjå Møre barne- og ungdomsskole. Tida som reiselærar ved Borg, viste han dei ulike sidene ved alkoholtradisjonane i andre land.
- Eg har tidlegare reist ein god del i Sør-Amerika, og då særleg i Bolivia, Peru og Ecuador. Eg har fleire gonger fått oppleve karnevalstida der, og dei flotte paradene og kostyma som dei brukar. Det var den positive og synlege sida av karnevalstida. På den andre sida var det også mange vaksne som drakk under karnevalstida, og svært mange born vart gåande for seg sjølv, med den faren det gjev dei for at dei kunne verte seksuelt utnytta eller utnytta på andre måter. Slik sett følgjer det enorme skuggesider med alkoholbruken.
- Kampanjen Hvit jul til IOGT er ein fin kampanje. Dette å fokusere på at nokre dagar i året skal vere barna sine dagar, og ikkje dei vaksne sine, og vinkle det opp i mot alkoholbruk er lurt. Men - det er utruleg at det berre er høgtidsdagar som er kvite. Barn burde ha kvite dagar heile året!
Edru russ
Det var elles i russetida at Robert tok eit val om å vere avhalden frå rus. Sidan Robert var edru russ, var det mange andre russar som kom og snakke med han.
- Det er mange fordelar med å leve rusfritt. Ein kan bruke til dømes musikk og idrett og oppnå naturleg rus, med den naturlege dopaminen. Det er lite lurt å døyve kjenslene sine med alkohol. Alkohol har ein tendens til å forsterke kjensler. Dersom ein er deprimert er det ein fare for å forsterke dei negative tankene gjennom bruk av alkohol. Kva gjev langvarig glede? Jau, eit rusfritt liv!
For dei som har lyst til å høyre ein av songane til Robert, finn de songen “Slør” på lenkja under her. Songen handlar om ei korleis ei jente opplever det når mora drikk:
https://www.youtube.com/watch?v=LKLvjuiS-Uo&t=32s
Tekst: Hjørdis Almelid Vikenes, nestleiar IOGT Region Midt Norge
Foto: Kristian Tjomlid
Vi har fått lov å publisere nokre av dikta til Robert Tron Tjomlid:
Problemet
Problemet var ikke om
glasset var
halvfullt eller halvtomt
syntes hun som
så pappaen endre seg
mens han
drakk av det.
Robert Tron Tjomlid
Du
jeg håper at du
hører det jeg tenker
for disse tankene er ment
for deg
du som sitter utenfor sykehuset,
og ikke vet hvordan du skal fortelle
til noen
det du vet
du som legger de sundrevne
skolebøkene tilbake i sekken
mens latteren og ordene
runger i hodet
du som alltid er ubenyttet innbytter
og som synes du snart
bør få begynne å leve
du også
du som putter flaskene i arbeidssekken
så naboene ikke skal ane ditt nederlag
når du våkner på sofaen
langt utpå dagen
du som har lange kvelder på kontoret
og ikke vil fortelle deg selv
at du er i ferd med å miste dine
og deg selv
du som ser hver eneste drøm bli tråkket på
og latterliggjort av voksne
som har glemt hvordan de selv
drømte seg levende
du som studerer ansiktet i speilet
for å se om det er flekker igjen
av den du har lært deg
å skjule bak tusen lag
du som venter på at noe nytt
skal fly inn gjennom glassdøren
du selv har montert mellom deg
og framtiden
du som engang hadde myke hender
som strøk kinn og tørket tårer
i dagene før latteren satte seg fast
dypt inne i tilfluktsrommet
du som kunne vært
men som aldri fikk bli
deg
Robert Tron Tjomlid
Vi trenger din mening om IOGTs nettmøte-tilbud. Vi trekker tre vinnere blant de som svarer på undersøkelsen, som får velge mellom hengekøye eller universalgavekort.
Regjeringen foreslår kutt i internasjonal innsats mot alkoholskader, psykisk uhelse og andre ikke-smittsomme sykdommer. IOGTs bistandsorganisasjon, Forut, reagerer kraftig.
Den 27. mai vedtok WHO en ny global handlingsplan for å redusere alkoholskader. Øystein Bakke, seniorrådgiver i Forut forteller hva den inneholder og hvordan den skal brukes.