- Ta rusfrie sommarfyllingar!

Frå standen til IOGT Region Midt-Norge i Sandnessjøen, frå venstre Gunnar Breimo, regionleiar Per-Arne Lillebø, John Almendingen og infomedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes. (Foto: Elly Margrete Breimo)

Sommaren er ein periode der fleire gjerne har meir tid saman enn elles i året. Dette vil organisasjonen IOGT fokusere litt på gjennom å stille på standar i Sandnessjøen, Herøy og Dønna i tida 30. juli til og med 1. august.

- Fyll sommarferien med rusfrie dagar, oppmodar leiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge. Han tek turen i frå Sunnmøre saman med infomedarbeidar i IOGT Region Midt-Norge Hjørdis Almelid Vikenes. Dei stiller på standar i Helgeland saman med lokale IOGT-medlemar.

Tradisjonen tru stiller IOGT Region Midt-Norge på standar ulike stadar i regionen om sommaren. Målet er å få det gode fokuset på at barn og vaksne kan ha rusfrie sommardagar i lag.

- Vi stiller på stand i Sandnessjøen tysdag 30. juli og vert i området til og med torsdag 1. august. Vi er glade for at lokale IOGTarar stiller saman med oss i frå regionsleddet. Sommardagane er ofte annleise dagar, på godt og vondt. I IOGT fokuserer vi på dei godene det er for borna om vaksne klarer å ha rusfrie dagar saman med sine, seier regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT.

Dei siste åra snakkar ein gjerne om at det har vorte trendy å drikke alkoholfritt. Denne nye trenden har fått eit namn, og han heiter NoLo, altså ei engelsk forkorting for “no or low alcohol”, på norsk vert det alkohol med ingen eller låg alkoholprosent. Pressekontakt i Vinmonopolet Hege-Lill Asp sa nyleg til godt.no at dei sel veldig mykje meir alkoholfritt no enn tidlegare. 

- Det synest vi er flott at det å drikke alkoholfritt er trendy, og at Vinmonopolet sel meir alkoholfritt enn før. Å drive haldningsskapande arbeid er eit langsiktig prosjekt. Difor brukar vi tid og krefter på å møte folk andlet til andlet både om sommaren og før jul. Bevisstgjering om at alkoholfritt er eit alternativ som gjer born tryggare, er viktig, meiner Lillebø.

18.00 7. juni - 15.00 9. juni 2024

Åsane folkehøgskole i Bergen

17.00-19.00 16. juni 2024

Røde Kors konferansesenter i Hausmannsgate 5 i Oslo

Nyheter

IOGTs foreldreundersøkelse 2024 ble lansert på Sterk&klars fagdag i Oslo 19. mars. Spørreundersøkelsen har spurt foreldre til ungdommer mellom 12 og 17 år om hva de tenker, mener og er bekymret for når det gjelder sin egen ungdom og alkohol. 

Nå er IOGT sin podkast som gir kunnskap om ungdom i dagens samfunn og nyttige verktøy til foreldre lansert

Bli med på fem spennende dager tur i rusfritt fellesskap 4.-9. september 2024. En tur full av god mat, severdigheter, besøk til småprodusenter, kulturopplevelser med blant annet besøk til Pompei og landsbyfesten Festa del’Uva – og selvsagt hyggelig samvær.