Hopp til hovedinnholdet

Alkohol sender fleire på sjukehus. Kva gjer vi med det?

Det spør IOGTs regionleiar i Midt-Norge, Per Arne Lillebø i denne kronikken.  

Klarer vi å redusere rusmiddelbruken i Norge, vil vi også få frigjort kapasitet på våre behandlingsinstitusjonar, der alkoholrelaterte skadar utgjer ein altfor stor del av alle innleggingar. I løpet av dei tolv siste åra har antal sjukehusinnleggingar på grunn av alkohol auka med nesten 80 prosent. Bør ikkje ei slik utvikling få ein til å tenkje ut over eiga såkalla «nyting», og få oss til å vere meir solidariske med dei som difor må vente lenger i sjukehuskø for andre plager?

Likevel opplever vi eit ramaskrik i ulike media fra alkoholbrukarar, kvar gong nokon kjem med forslag om å avgrense tilgangen eller auke prisen. Sjølv om slike tiltak viser seg å ha effekt, så blir skremselen frå brukarane om auka smugling, auka taxfree- og svenskehandel så sterk, at myndigheitene oftast vel å «bøye av». Ja, dei vel jamvel å auke tilgangen og produktmengda, ved mellom anna å legge til rette for fleire pol i distrikta og fleire lokale alkoholprodusentar. Dette trass i at vi veit at auka tilgang gir auka forbruk. Forstå det den som kan...!

Det virkar som om i restriktiv alkoholpolitikk er noko som dei fleste politiske parti unngår å «fronte», av frykt for å miste stemmer ved val. Bør ikkje partimedlemene lage sine helseprogram ut frå forsking og ny kunnskap om bruk av rusmiddel i samfunnet, og ikkje berre la frykt for å miste velgjarar styre realpolitikken? Redsla for å gjennomføre såkalla upopulære endringar på nettopp dette feltet er i dag så stor, at det over tid vil vere øydeleggande for samfunnet. Politikarane klarer å einast om å redusere røyking og klimaforureining ut fraå forsking og ny kunnskap, men noko tilsvarande om alkoholbruken, klarer dei altså ikkje. Dette viser berre kva for makt «kong alkohol» har i samfunnet i dag, og kor vanskeleg det vil bli å ta tak i drikkekulturen i åra som kjem. Men, dersom politikarane ikkje tar tak i dette nå, medan problemet framleis er handterbart, så vil dei kunne oppleve å måtte gå mykje meir dramatisk til verks i framtida.

Samfunnet har ikkje uavgrensa økonomiske midlar å setje inn, og sjukehusa rundt om i landet får stadig strammare budsjett. Med slike framtidsutsikter, har ein kvar borgar plikt til å vere med på å minske «sjølvpålagde» alkoholrelaterte helseplager, slik at samfunnet kan bruke sine avgrensa ressursar på alle dei som treng hjelp av andre grunnar. Når vi for eksempel veit at 1 av 3 sjukehussenger er opptatt av pasientar med alkoholrelaterte plager, så meiner vi at det er usolidariskt å ikkje gjere noko med det. Tenk på kor mange «uskuldige» som blir ståande mykje lenger i sjukehuskø, og med det blir utsett for unødvendige lidingar som ei følgje av dette! Stort sett alle er i dag einige om at kampen mot bruk av tobakk har vore vellukka, og i åra som kjem vil neste kamp måtte rettast mot alkoholkulturen, som ei følgje av at skadeverknadene både samfunnsmessig og menneskeleg blir meir og meir tydelege.

I tillegg kjem dei økonomiske kostnadene av nordmenn sin alkoholbruk. Desse er estimert til 22 milliardar kroner. Då er kostnader for helse- og sosialvesenet, for arbeidslivet, tap i form av ulukker samt kriminalitet, inkludert. Dei faktiske kostnadene knytt til alkoholbruk er altså betydelege. Og, alle følgjer kan dessutan ikkje målast i kroner. Folk opplever smerte, liding, sorg og tap av livskvalitet, noko som ikkje er tatt med i kostnadsrekneskapen. Det rammar både personar med rusproblem, familie, vener og kollegaer. 

Bør ikke dette være noko til ettertanke?

 

IOGT Region Midt Norge

Per-Arne Lillebø, leiar

Johannes Sandstad, nestleiar

Nyheter

Nylig møttes de nordiske IOGT-organisasjonene på Island. På agendaen sto alkoholpolitikk og utveksling av erfaringer. Ikke alle er like begeistret for liberaliseringen av Finlands alkoholpolitikk.

Norge har fått en egen eldreminister i Helse- og omsorgsdepartementet. Ikke bare det. Hun får også ansvaret for landets alkoholpolitikk. Vi forventer at hun tenker forebygging og tar på alvor at alkoholbruken blant eldre øker. 

Årets første måneder betyr skoleball for mange elever. Er det greit med nach- og vorspiel? Hva er greie innetider? Her får du tips og råd til et vellykket skoleball.