Gler seg over kvite julestandar for barna i år

No gler IOGT-folk over heile landet seg til at dei kan få stille på kvite julestandar, og på den måten få fokus på at barn fortener kvite juledagar når dei er saman med vaksne.

Kvit jul er for dei fleste julesnø, men for mange barn er kvit jul òg noko anna. Kvite dagar er eit omgrep som er mykje brukt om alkoholfrie dagar, og for mange barn er det største juleønsket å få vere saman med vaksne som er edrue.

Barn ynskjer vaksne som er til stades og som ter seg normalt og er hyggelege. I desember blir det drukke dobbelt så mykje som i dei andre månadene i året. Juletradisjonane er fuktige i mange heimar, og mange barn gruer seg til jul på grunn av drikkinga til dei vaksne. Tal frå Folkehelseinstituttet syner at 90.000 norske barn har minst ein forelder som misbrukar alkohol, og ein reknar med at det er dobbelt så mange som har foreldre med risikofylt alkoholforbruk.

Alkoholforbruket i Norge har auka med om lag 40 prosent dei siste 20 åra. Det er i stor grad fleire kvinner og fleire eldre som drikk meir enn kvinner og eldre gjorde før. Ungdom derimot drikk mindre alkohol og røykar mindre hasj enn tidlegare. Statistikken syner at ungdom bruker stadig mindre av alle slag rusmiddel, bortsett frå snus. Auken i alkoholkonsumet er det i stor grad besteforeldregenerasjonane som står for.

Dei siste vekene før jul har IOGT Kvit jul-aksjonar landet rundt. IOGT Region Midt-Norge som omfattar Helgeland, Trøndelag og Sunnmøre, er alt i gang med stand rundt om i regionen. Målet med kampanjen er å få fleire vaksne til å drikke alkoholfritt i jula. Foreldre og andre vaksne blir oppmoda om å skrive under på at dei ikkje vil drikke alkohol når dei er saman med barn i juledagane 23.–26. desember.

Kvit jul-kontraktar kan ein òg signere på nettsida www.hvitjul. no. Elles vil vi oppfordre den einskilde til å avtale med seg sjølv at ein ikkje skal drikke alkohol når ein er saman med barn i jula. Det er handlinga som er det viktigaste. Alkoholfrie vaksne gjev barna tryggleik og velvære.

Innlegget stod på trykk i Dagen 22. oktober 2021

Nyheter

IOGT er inne i en prosess med vurdering av nytt organisasjonsnavn, etter at IOGT Internasjonalt skiftet navn til MOVENDI International for noen år siden. Høsten 2025 har vår søsterorganisasjon IOGT-NTO i Sverige også vedtatt å skifte navn til MOVENDI Sverige. 

Når Runa Heggernes står i julebutikken til FORUT på Gjøvik, er det mer enn frivillig innsats som driver henne. Det er minner, relasjoner og et livslangt engasjement for et land som betyr mye for tusenvis av mennesker i Norge.

- Det er skuffende og alvorlig at statsministeren åpner for utvidet alkoholsalg om natta under VM. Det sier generalsekretær Cecilie Widnes i IOGT, etter at Støre åpnet for åpne ølkraner hele natta i politisk kvarter i  NRK Nyheter onsdag 16.12.2025.