Her er delegasjonen frå IOGT Region Midt-Norge som var på Landsmøtet i Åsane i juni: Framme frå venstre Gjertrud Hauge (Skodje), Konrad Moe (Molde), Søren Høj (Molde), Per-Arne Lillebø (Ulsteinvik) og Hjørdis Almelid Vikenes (Ørsta). Bak frå venstre: Gunnar Hauge (Skodje), Ole Brubakk (Fosnavåg) og John Almendingen (Sandnessjøen). (Foto: Privat)
I juni var det Landsmøte for IOGT på Åsane Folkehøgskole. IOGT Region Midt-Norge og lag og område i regionen vår hadde fleire utsendingar på Landsmøtet.
- Region Midt-Norge hadde på førehand innsendt fleire saker som vart handsama på Landsmøtet. Noko fekk vi gjennomslag for, og andre ikkje, men det er viktig å løfte fram dei sakene vi meiner at Landsmøtet skal drøfte, seier regionleiar Per-Arne Lillebø.
Etter valet på Landsmøtet sit følgjande no i sentraltstyret: Leiar Ørnulf Thorbjørnsen (Nord), nestleiar Sofia Gram-Hallbert (Aust), Per-Arne Lillebø (Midt), Elisabeth Hagen (Aust), Are Eriksen (Nord) og Kristine Cseresnyes (Vest). Tor Martin Flø Gustad (Midt) er 1. vararepresentant og 2. vararepresentant er Rolf Larsen (Sør).
Alkohol er ei lovleg vare. Alkohol er ei spesiell vare. Denne væska kan medføre avhengigheit. Det er det ikkje alle væsker som kan. Tenk på vatn eller jus til dømes. Viss alkoholen var ei nyoppfinning anno 2022, trur du ho ville ha vorte godkjent som ei salsvare? Eller ville ein ha tenkt at det er kanskje best at ho ikkje vert selt?
I 2027 fyller organisasjonen IOGT 150 år. Fram til då skal alle ledd i organisasjonen få uttale seg om korleis organisasjonen best kan endre seg for framtida. Årsmøtet til IOGT Region Midt-Norge samla på Romsdalsmuseet på Molde fredag 31. mai drøfta dette, og sende ein uttale til sentralleddet.
Vi har hatt fire dagar med vervingar i Ørsta og Ålesund i mai og juni. I samband med desse standane vart det verva vel 60 medlemer. Her kjem eit foto frå kvar av desse stadane.
I samband med årets Norway Cup har arrangøren Bækkelagets Sportsklub og Norges Fotballforbund hatt fokus på at barneidretten skal vere utan alkohol. Det fokuset er viktig. Vi må hugse på at cupen skaper minne som varer livet ut.
Leiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge har i mange år verva nye medlemar. Vanlegvis har han saman med andre stått på standar rundt om i regionen og verva folk gjennom fysiske møte, i gode dialogar med andre.
Den raude tråden under IOGT Midt-Norge sitt inspirasjonseminar i Ålesund 26. august var visjonen om å kunne skape trygge oppvekstmiljø med ansvarlege vaksne.