Tor Martin Flø Gustad (t.v.) og regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge tek turen til Namsos 1.-2. februar. Her er dei på stand i Brønnøysund i januar i år. (Foto: Privat)
Onsdag 1. mars og torsdag 2. mars kjem regionleiar Per-Arne Lillebø og Tor Martin Flø Gustad i frå regionstyret til IOGT Region Midt-Norge til Namsos. Dei står på infostand på kjøpesenteret, og håper dei får møte mange der i løpet av to dagar.
- Vi vil gjerne informere om det allsidige arbeidet som IOGT driv i heile landet. Å verve nye medlemer er eit fokusområde for oss i 2023, så det håper vi også at vi skal klare, seier Lillebø.
Tidlegare i år har regionleiaren tatt turar nordover og besøkt lokale IOGT-lag og IOGT-område i Sandnessjøen og Brønnøysund saman Tor Martin. Sistnemnde bur i Trondheim, så desse karane er ikkje redde for å vere på reisefot vinterstid. For regionleiaren vart det ei lang ferd sist han var på veg nordover, pga dårleg vêr gjekk reiseetappene ikkje slik som tiltenkt.
- Å vere med i frivillig arbeid vil seie at ein må vere litt fleksibel og kunne ta ting slik det fell seg undervegs. Vi er heldigvis reisevande, og så er telefonen eit fint verktøy til å verve nye medlemer når ein er på tur, og ein plutseleg må overnatte ei ekstra natt undervegs, understrekar Per-Arne Lillebø.
Tysdag 24. januar i år arrangerte NAV ei jobbmesse i Ørsta, Give A Job. Der var det kring 350 deltakarar frå heile Søre Sunnmøre med jobbsøkjarar frå mange land, arbeidsgjevarar, offentlege instansar og fleire frivillige lag og organiasjonar. Av desse var 180 innvandrarar, kring 45 bedrifter var representerte og det var fleire frivillige organisasjonar som deltok.