Per-Arne Lillebø,Hjørdis Almelid Vikenes
Om du vil vere trendy i dag, kan du å lage fargerike og velsmakande mocktails. Slike drinkar er alkoholfrie. Dermed kan du feste saman med andre ein dag, og vere klar til ulike aktivitetar påfølgjande dag. Genialt edrueleg konsept med andre ord.
NRK.no hadde 18. oktober i år ei sak om at hausten sine mest fancy drikkar er alkoholfrie. Tidlegare i sommar melde NRK at salet av alkoholfri drikke framleis aukar, og at Vinmonpolet ser ut til å få eit rekordår for sal av alkoholfrie drikkar. Det er interessant.
Kva kan vere årsakene til dette? Ein kan drikke fargerike og kule drikkar, ein treng ikkje å ottast for bakrus og fyll, ein kan gjere kva ein vil dagen derpå, edru og med god hugs i frå kva som føregjekk på festen dagen før. Jau, det finst mange gode argument for å feste fargerikt og edrueleg.
Og du – når du serverer mocktails, så treng du heller ikkje å etterspørje kva som kan vere årsakene til at folk ikkje drikk alkohol. Det kan nemleg vere fleire årsaker til det. Ergo – berre la gjestane dine få velsmakande og alkoholfrie drikkar hjå deg framover du, så er du faktisk framtidsretta og trendy. Lukke til med dei gode alkoholfrie blandingane!
(Kilder: Høstens mest fancy drinker er alkoholfrie – Salget av alkoholfri drikke fortsetter å øke – går mot rekordår)
Onsdag 1. mars stod regionleiar Per-Arne Lillebø og Tor Martin Flø Gustad i frå regionstyret til IOGT Region Midt-Norge på stand i Namsos. 12 nye medlemer vart verva under standdagen
Regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge hadde innlegg i samband med leiars tale om viktigheita av medlemsverving på Landsmøtet.
Tysdag 24. januar i år arrangerte NAV ei jobbmesse i Ørsta, Give A Job. Der var det kring 350 deltakarar frå heile Søre Sunnmøre med jobbsøkjarar frå mange land, arbeidsgjevarar, offentlege instansar og fleire frivillige lag og organiasjonar. Av desse var 180 innvandrarar, kring 45 bedrifter var representerte og det var fleire frivillige organisasjonar som deltok.