Per-Arne Lillebø
Når folk tippar hjå Norsk Tipping, kan dei velgje å støtte frivillige lag og organisasjonar. Dette må kvar einskild tippar velgje sjølv. IOGT Region Midt Norge, org.nr. 993905364, er godkjent som grasrotmottakar.
Pr. februar 2023 har IOGT Region Midt-Norge 4 grasrotspelarar. I 2019 hadde vi 8 som er rekord, så vart det 7 i 2020 og 2021. I 2022 var det 6 og altså berre 4 no. Dei seks i 2022 bidrog med kr. 1175.50. Til saman sidan 2009 er det motteke kr. 14460
Vi er no 1041 medlemar her i regionen pr 01.01.23. Ergo skulle det statistisk sett vere nokre fleire tipparar i medlemsmassen vår. Det går an å støtte oss via Norsk Tipping utan å vere medlem også.
Når det gjeld dette å reklamere for grasrotandelen, er det knytta eigne reglar til det:
“Vi gjør oppmerksom på at det finnes retningslinjer for hvordan lag og foreninger kan promotere Grasrotandelen. Grasrotandelen er regulert gjennom en egen forskrift med hjemmel i loven om pengespill. Det er Kultur- og kirkedepartementet som har fremmet forskriften. Et viktig punkt å merke seg for lag og foreninger som ønsker å promotere seg i forbindelse med Grasrotandelen, er at enheten ikke kan drive med kommersiell reklamekampanje med det formål å fremme tilslutning om egen enhet i Grasrotandelen. Det betyr at f.eks å kjøpe annonseplass i aviser, tv eller radio, sosiale medier kun med det formål å verve grasrotmottakere, ikke er tillatt. Dette betyr også at ingen kan ta betalt for å benytte gratis kampanjemateriell lastet ned fra norsk-tipping.no.”
Når det er sagt, har vi lov å informere andre om ordninga. Vi skal sjølvsagt vere edruelege når vi omtalar pengespel, samtidig som vi veit at mange andre lag og organisasjonar også har fleire grasrotmottakarar.
Onsdag 1. mars stod regionleiar Per-Arne Lillebø og Tor Martin Flø Gustad i frå regionstyret til IOGT Region Midt-Norge på stand i Namsos. 12 nye medlemer vart verva under standdagen
Regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge hadde innlegg i samband med leiars tale om viktigheita av medlemsverving på Landsmøtet.
Gågate. Ærverdig. Hus. Flasker. Mange. Hyllemeter. Alkoholfritt. Glutenfritt. Papp. Rett. I. Skravlekoppen.
Av og til vert eg litt stakkato i skrivemåten når eg får gode opplevingar. Det å entre inngangsdøra til butikken Vinifera var kjekt. Hyllemeter på hyllemeter med importerte alkoholfrie vinar. I tillegg er vinbutikken og kafeen i Gågata i Ørsta sertifisert Skravlekopp-butikk. Veldig flott at ein vinbutikk også har ei kaffimaskin og litt å “bite i”, slik at folk kan ta seg tida til å setje seg ned, bruke ein Skravlekopp og på den måten vere med å gjere lokalsamfunnet meir skravlete.
Tysdag 24. januar i år arrangerte NAV ei jobbmesse i Ørsta, Give A Job. Der var det kring 350 deltakarar frå heile Søre Sunnmøre med jobbsøkjarar frå mange land, arbeidsgjevarar, offentlege instansar og fleire frivillige lag og organiasjonar. Av desse var 180 innvandrarar, kring 45 bedrifter var representerte og det var fleire frivillige organisasjonar som deltok.