Alkoholnormer, haldningar og samfunnsansvar

Kvar dag påverkar vi kvarandre gjennom det vi gjer og seier. Ingen av oss lever i eit vakuum. Ansvarlege vaksne er med på å skape trygge og gode oppveksmiljø.

Vi er foreldre, besteforeldre, søsken, familie, kollegaer og vener som møtest. Det vi gjer og seier er med og skaper normer, haldningar og haldningar. Vi har alle eit ansvar for kvarandre og det samfunnet vi er ein del av. Det gjeld i alle livsfasar anten vi er på skolen, i familien, i venekrinsen eller på arbeidsplassen. Eigentleg er det også fint å tenkje på at det vi gjer har verdi for andre. Vi kan faktisk vere med å gjere kvardagen betre for andre med berre måten vi er på, korleis vi viser andre menneske respekt og toleranse. Vi likar alle at vi blir sett og høyrt og akseptert for den vi er. Ved å ta omsyn og vise ansvar vil fleire kunne leve gode liv. Det gjeld også i høve til bruk av alkohol og andre rusmiddel. Alkoholnormer og haldningar er difor viktige ikkje berre for oss sjølv, men også for andre. 

Trygt oppvekstmiljø er viktig.

Ansvarlege vaksne er med på å skape trygge og gode oppveksmiljø. Krenkingar og påkjenningar tidleg i barneåra gjer oss sårbare gjennom heile livet, ikkje minst i overgangen mellom barn og vaksen. Vi lærer av det vi ser og opplever. Ein oppvekst utan at foreldre eller andre nærståande er påverka av alkohol og endrar åtferd, er viktig for tryggleiken i barn sine liv. Vi påverkar kvarandre og den individuelle fridommen kan raskt bli ei belastning for andre, dersom vi berre tek omsyn til oss sjølv. Kunnskap og erfaring som har vore kjent og beskrive heilt sidan Sokrates og Platon 450 år før Kristus. Fråhaldsrørsla vart starta for å gi sosial frigjering for alle dei som leid under andre sine uheldige alkoholvanar. Asbjørn Kloster, som etablerte Menneskevennen (1859) og DNT (1875), erfarte tidleg korleis alkoholbruk kunne skade familie og samfunn. Han var særleg opptatt av korleis alkoholbruk påverka barn og kvinner sin livssituasjon. Sidan er merksemda mot alkoholbruk og samfunnskostnader tatt vidare av mellom andre psykiater Johan Scharffenberg og fråhaldsrørsla. I dag er Verdens Helseorganisasjon (WHO) og politiske styresmakter opptekne av det same. Fråhaldsrørsla var tidleg ute med å leggja grunnlaget for ei rørsle som har hatt mykje å seia for korleis alkohol- og andre rusproblem kan førebyggast og følkjast opp. Omsynet til dei minste og barna bør alltid gå fremst, men dessverre er det ikkje alltid slik. Mykje er bra, men mange ting kan gjerast betre. 

Det er mange viktige førebyggingstiltak som kan setjast i gang. Alkoholbruk er som ringar i vatnet. Når totalforbruket av alkohol stig - tiltek også skadane. På inspirasjonsseminaret skal vi gå gjennom dei beste og mest effektive tiltaka. Vi kan alle hjelpe til gjere ein skilnad. I "bunn og grunn" dreiar alkoholpolitikken seg om normer, haldningar og samfunnsansvar. Vi må ikkje berre peike på andre, men også vere medvitne på det vi kan gjere der vi er. Slik bygg vi eit samfunn som tek omsyn, viser omsorg og solidaritet. 

Førebygging gjennom gode haldningar og samfunnsansvar er viktig. Også for økonomien.

Alt dette og meir til vil vi diskutere på inspirasjonseminaret i Ålesund 26. august 2022. 

12.00-13.00 13. juni 2025

Litteraturhuset i Bergen

18.00 13. juni - 14.00 15. juni 2025

Åsane folkehøgskole

Nyheter

Når barn og unge føler seg inkludert, reduseres risikoen for utenforskap, rusbruk og problematferd. Om lag 80 personer deltok da Sterk&Klar inviterte til fagdag for å lære mer om hvordan vi kan legge til rette for gode fellesskap i skolen, idretten og nærmiljøet. 

Som frivillig kan du gjøre en forskjell i menneskers liv - gjennom en god hverdagslig samtale, et varmt håndtrykk, en kjekk aktivitet, kanskje en klem men ikke minst å se mennesket bak rusen, avhengigheten eller de psykiske utfordringene.

Sammensenteret i Grimstad er et lavterskeltilbud for mennesker med rus- og psykiske helseutfordringer. Vårt mål er å møte mennesket bak utfordringene, være en trygghets arena, en grobunn for vekst og støtte til å ta et steg videre.