Kloke helseval er viktig

Alkohol gir økt helserisiko allerede fra første glass. Alkohol er eit rusmiddel som treffer praktisk talt alle organ i kroppen, og har ingen positive effekter, ein ikke også kan oppnå på tryggare måter. 

Mange hevdar at litt alkohol kan vere godt for helsa. I siste nummer av bladet Syskenbandet er ein artikkel av lege og seniorrådgjevar Fred Rune Rahm, der han gjer greie for samanhengen mellom alkohol og helse. Samanhengen er komplisert, men uansett korleis ein lagar problemstillingane, vert konklusjonen den same:

  • Dei som ikkje brukar alkohol, har gjort eit klokt val.
  • Dei som vurderer å slutt å bruke alkohol, bør oppmuntrast.
  • -Dei som framleis vil bruke alkohol, bør redusere bruken.

Dei eventuelle helsegodene vi får med å bruke alkohol, kan vi få på andre måtar. Og då utan den risikoen for helseskadar som alkoholen fører med seg. Alkohol er eit rusmiddel som treffer praktisk talt alle organ i kroppen. Til dagleg er vi mest opptekne av effekten på sentralnervesystemet og hjernen, ukritisk framferd, dårleg presisjon og balanse og fyll, men alkohol råkar mykje vidare, og det gjer at risikoen for helseskadar aukar.

Ingen nedre grense

Det er ingen nedre grense for inntak av alkohol der ein kan seie at det ikkje er risiko for helseskade.Alkohol aukar faren for kreft i heile tarmsystemet, frå munnen til endetarmen. Alkohol aukar risikoen for brystkreft, magesår, leversjukdomar, hjartesvikt, nerveskadar og betennelse i bukspyttkjertelen.

Alkohol aukar og risikoen for ernæringsproblem, rammar muskelstyrken og hemmar læring og aktsemd. Det er og samanheng mellom alkohol og psykiske sjukdomar, og alkoholen kan forverre andre sjukdomar.

Les også: Forebygging er aldri for sent - alkohol, helse og økende alder

Eventuelle positive effekter kan ein få på andre måter

Verdens helseorganisasjon (Who) seier at dersom det er positive helseeffektar av å drikke alkohol, vil desse eventuelle positive helseeffektane utgjere 3 prosent av helserisikoen.

Dei eventuelle positive helseeffektane som ein kan sjå ved bruk av litt alkohol, er alle effektar som ein kan få på andre måtar, og då utan den risikoen som alkoholen fører med seg.

Les også: Internasjonal studie avkrefter at alkohol kan være sunt

Giftstoff lekk ut i kroppen

Små mengder alkohol er og ei helsebelastning. I ein ny nederlandsk studie tok ein prøvar av tjukktarmen, gav forsøkspersonane 20 gram alkohol, og tok så ny prøve. Alle forsøkspersonane fekk lekkasje over tjukktarmen etter dette moderate inntaket. 20 gram alkohol er den mengde alkohol som er i eit glass rødvin eller ein halv liter øl. Medan tarmveggen vanlegvis vernar oss mot giftstoff, vil ein lekkasje gjere at giftstoff kan gå ut og inn i kroppen.

Å avvise at alkohol er ein helserisiko, er skjølvbedrag

Risikoen for kreft startar i det vi tek til å bruke alkohol. Risikoen for brystkreft hos kvinner auka ved eit inntak på 1 dl alkohol dagleg. Drikk ein eit glass vin eller ei flaske øl dagleg, vil 90 prosent få ei lever som fungerer dårlegare.

Les mer om alkohol og kreft

Mange vel kanskje å ta den risikoen det er å drikke alkohol, og det er eit val som ein må respektere, men å avvise at alkohol er ein helserisiko, er sjølvbedrag. 

Innlegget har stått på trykk i flere aviser, bl.a. Vårt land, Dagen, Møre-Nytt, Tidens Krav og Vestlandsnytt.

18.00 7. juni - 15.00 9. juni 2024

Åsane folkehøgskole i Bergen

17.00-19.00 16. juni 2024

Røde Kors konferansesenter i Hausmannsgate 5 i Oslo

Nyheter

IOGTs foreldreundersøkelse 2024 ble lansert på Sterk&klars fagdag i Oslo 19. mars. Spørreundersøkelsen har spurt foreldre til ungdommer mellom 12 og 17 år om hva de tenker, mener og er bekymret for når det gjelder sin egen ungdom og alkohol. 

Nå er IOGT sin podkast som gir kunnskap om ungdom i dagens samfunn og nyttige verktøy til foreldre lansert

Bli med på fem spennende dager tur i rusfritt fellesskap 4.-9. september 2024. En tur full av god mat, severdigheter, besøk til småprodusenter, kulturopplevelser med blant annet besøk til Pompei og landsbyfesten Festa del’Uva – og selvsagt hyggelig samvær.