Sommarfint samvær er flott

- Snart vert det stabilt varmare i vêret får vi tru. Då er det å håpe at born og vaksne kan vere i sommarfint samvær både ute og inne. Dette skriv Per-Arne Lillebø, Hjørdis Almelid Vikenes i avisa Vestlandsnytt. Dei er engasjerte i kampanjen "Fyll ferien".

IOGTs sommarkampanje heiter Fyll ferien og handlar om at ferien skal fyllast med gode opplevingar og ikkje med rus.

Dette fortel dei to aktivitstane om kampanjen i avisa:

- Vi samarbeider med Vinmonopolet om denne kampanjen, der dei tilrår alkoholfri drikke som kan høve saman med ulike typar grillmat.

I ei undersøking gjort av Opinion for IOGT i 2018 meinte 56 prosent av dei spurte av det vart drukke for mykje alkohol når born er til stades. Skal tru korleis prosenten i svara hadde vorte om ein hadde gjennomført ei ny måling i år?

Sommarferien er ei tid der mange har forventningar. Då får ein gjerne høve til å gjere andre ting enn ein gjer saman elles i året.

Alkohol er ei lovleg vare. Slik sett kan vaksne både kjøpe og bruke henne. Så er det kanskje lurt å tenkje litt på dette at borna merkar endringane i vaksne sin oppførsel etter rusinntak før dei vaksne kjenner seg berusa.

Det kan godt hende du møter nokre frivillige IOGT-medlemer som står på stand i sommar. Slå gjerne av ein prat med oss, viss du ser oss. IOGT Region Midt-Norge oppmodar vaksne til å skape fine rusfrie sommardagar saman med born og unge. God sommar!

Viktigheita av ein rusfri ferie for borna

Det er viktig å arbeide for å oppmode vaksne til å unngå alkohol når dei er saman med born i ferien av fleire grunnar. Først og fremst handlar det om tryggleik og trivsel for borna. Når vaksne drikk alkohol, kan det endre deira oppførsel og væremåte, ofte før dei sjølve merkar det. Born er svært sensitive for slike endringar, og dette kan skape ei utrygg atmosfære for dei. Ein ferie skal vere ei tid fylt med glede, leik og samvær, ikkje uro for korleis dei vaksne oppfører seg.

Vidare er det viktig å tenkje på kva rollemodell dei vaksne er. Born lærer ved å observere, og ved å vise at ein kan ha det gøy og slappe av utan alkohol, gir ein dei gode verdiar og haldningar som dei kan ta med seg vidare i livet.

Oppmoding til frivillige

Vi oppmodar alle frivillige til å engasjere seg i "Fyll ferien"-kampanjen. Ditt bidrag kan vere med på å skape bevisstheit og endre haldningar i samfunnet. Enten det er ved å stå på stand, dele informasjon eller snakke med vener og familie om viktigheita av ein rusfri ferie, kan du gjere ein forskjell. Saman kan vi skape ein tryggare og meir harmonisk ferie for alle born.

Hugs at ditt engasjement ikkje berre påverkar dei du møter direkte, men også kan bidra til ei større kulturell endring. Når vi står saman som eit fellesskap, kan vi inspirere til endring og skape ei positiv rørsle mot ei trygg og inkluderande ferieoppleving for born over heile landet.

Vil du bli frivillig i Fyll ferien?

Mange steder i landet står frivillige på stand med oppfordringen om la barna få en alkoholfri sommer. Løpesedler og standsmateriell kan bestilles fra sentralkontoret

Du kan også like siden vår på Facebook og hjelpe oss med å spre informasjon i sosiale medier. 

Bli frivillig

Fakta om alkohol og born i ferien

  • 56% av dei spurte i ei undersøking gjort av Opinion for IOGT i 2018 meinte at det vart drukke for mykje alkohol når born er til stades.
  • 1 av 5 born opplever at foreldra drikk meir alkohol om sommaren enn elles i året. - Av og til
  • 90 000 born bur i heimar der ein eller begge foreldre har eit alkoholproblem, ifølgje Folkehelseinstituttet.
  • 20% av borna sier at foreldra drikk meir om sommeren enn ellers, i førgje ei undersøking Ipsos gjorde for alkovettorganisasjonen Av og til i 2022
  • 7 av 10 vaksne seier at dei drakk alkohol saman med born sist dei var i Syden, ifølgje ei undersøking utført av Respons Analyse for alkovettorganisasjonen Av og til i 2022
17.00-23.00 22. juni 2024

Nesodden, Kirkevik

Nyheter

IOGTs bistandsorganisasjon FORUT har signert en ny rammeavtale med Norad på over 200 millioner kroner. Pengene skal FORUT bruke på å gjøre verden tryggere for barn.

- Snart vert det stabilt varmare i vêret får vi tru. Då er det å håpe at born og vaksne kan vere i sommarfint samvær både ute og inne. Dette skriv Per-Arne Lillebø, Hjørdis Almelid Vikenes i avisa Vestlandsnytt. Dei er engasjerte i kampanjen "Fyll ferien".

Landsmøtet bestemte i fjor at IOGT skulle gjennomføre en grundig gjennomgang av seg selv for å kunne stå frem som en sterkere organisasjon i 2027. Da er det 150 år siden IOGT ble stiftet i Norge.

Fremtidskonferansen 2024