Foto: Tony Zhu, Pixabay
Helsemerking av alkoholvarer har lenge vore ei aktuell sak, men lite har vorte gjort her til lands. Det er difor gledeleg at helseminister Ingvild Kjerkol har gjeve Helsedirektoratet beskjed om å vurdere korleis alkoholhaldig drikke kan merkast med åtvaring om helserisiko. Det er åtte månader sidan helseministeren fekk ei utgreiing på 30 sider frå Helsedirektoratet, og Helsedirektoratet tilrår åtvaringsmerking på alkoholvarer.
Helseministeren har ikkje vore særleg rask i vendinga, men det er godt at det endeleg kom ein reaksjon.
"– At Kjerkol nå tar aksjon er et viktig skritt i riktig retning, sier Inger Lise Hansen, generalsekretær i Actis. - Dette handler om å gi folk muligheten til å gjøre gode helsevalg, og da må de få vite hva de får i seg." Actis er rusfeltets samarbeidsorgan, og er ein paraplyorganisasjon med 37 medlemsorganisasjonar innanfor rusfeltet.
Tilrådinga frå Helsedirektoratet seier ikkje noko om utforminga av merkinga og korleis den kan gjennomførast og forvaltast i praksis. Det er det Kjerkol no har bedt om innspel til. Merkinga vil truleg innehalde helseåtvaring for mellom anna graviditet og trafikk. Emballasjen bør ha påført en innhaldsdeklarasjon.
WHO er tydeleg i tilrådingane sine, og oppfordrar mellom anna til å innføre konkrete retningsliner for storleik og skrivstype, og at åtvaringa vert plassert på framsida av produktet og med lettfatteleg informasjon.
Dette er ei hastesak. Risikoen er at det vil ta tid før merkinga er påført varene. Vi ser frå andre land at særleg alkoholindustrien motarbeider desse tiltaka. Fleire land har allereie innført merking av alkoholvarer. Det gjeld mellom anna: Frankrike, USA og Australia. Norge er såleis ikkje noko føregangsland på dette feltet, men det er bra om vi no kan få merking av alkoholvarer. Folk bør få vite kva dei får i seg når dei drikk alkohol, og farene ved det.
Kjelde: https://actis.no/aktuelt/n%C3%A6rmere-et-lovvedtak-om-alkoholmerking
IOGT Region Midt-Norge
Leiar Per-Arne Lillebø og sekretær John Almendingen
Fordi at vatn sløkkjer tørsten mest effektivt, og kroppen treng vatn for at alle delar av kroppsmaskineriet skal fungere. Vatn er gratis, kaloriritt og lett tilgjengeleg i Norge. Vatn gjer at du toler varmen betre, og det kan gjere at du får mindre vondt i hovudet. Under trening er vatn nødvendig, og etter trening er vatn naudsynt for at kroppen skal kome seg raskt og bli klar for nye prestasjonar. Vatn er nødvendig for å tenkje klart.
Når folk tippar hjå Norsk Tipping, kan dei velgje å støtte frivillige lag og organisasjonar. Dette må kvar einskild tippar velgje sjølv. IOGT Region Midt Norge, org.nr. 993905364, er godkjent som grasrotmottakar.
IOGT Region Midt-Norge har dei siste vekene stått på standar ulike stadar i regionen. I tillegg til at regionstyret sine medlemar står på stand, har også lokale iogt-medlemar stått på standar.
Journalist Leiv Arne Grimstad sin flotte reportasje fra inspirasjonsseminaret i Ålesund kan du leses her. God lesing!
Både Ungdomspanelet i Møre og Romsdal og den ruspolitiske organisasjonen IOGT har merket seg en endring i alkoholbruk og holdninger hos ungdommer i fylket. De inviterte derfor politikerne i Molde til debatt om ungdom og alkoholforebygging 28. november.