Per-Arne Lillebø ,John Almendingen
Fordi at vatn sløkkjer tørsten mest effektivt, og kroppen treng vatn for at alle delar av kroppsmaskineriet skal fungere. Vatn er gratis, kaloriritt og lett tilgjengeleg i Norge. Vatn gjer at du toler varmen betre, og det kan gjere at du får mindre vondt i hovudet. Under trening er vatn nødvendig, og etter trening er vatn naudsynt for at kroppen skal kome seg raskt og bli klar for nye prestasjonar. Vatn er nødvendig for å tenkje klart.
Alkohol er eit næringsstoff. Det gjev energi og kaloriar, men det har ingen kjente gunstige effektar, og det er giftig for alle kroppen sine organ. - Ein får ingen mangelsjukdomar ved å unngå dette næringsstoffet, sa stipendiat Erik Arnesen som har vore medlem i Nasjonalt råd for ernæring i fjor. Arnesen seier ny forskning viser at det ikkje er noko «trygg grense» for alkoholinntak. Forsking syner at og små inntak av alkohol aukar risikoen for brystkreft og spiserørskreft. Elles syner forsking at inntak av alkohol gjev større risiko for over to hundre sjukdomar, mellom anna kreftsjukdomar, hjarte- og karsjukdomar og psykiske lidingar. Tre psykiske konsekvensar av alkoholinntak er dårlegare søvnkvalitet, auka angstnivå og auka depresjon. Drikk ein vatn slepp ein desse psykiske konskvensane.
IOGT Region MIdt-Norge vil på standane sine framover servere vatn og jus. - Vi følgjer opp den gode trenden som er i tida med vatn som tørstedrikk, seier leiar Per-Arne Lillebø.
Under Arendalsveka i august i år la Helsedirektoratet fram nye kostråd. Vatn vart der framheva som eit viktig element i kosthaldet. Dessutan vart haldninga mot alkohol forsterka.
Helsemerking av alkoholvarer har lenge vore ei aktuell sak, men lite har vorte gjort her til lands. Det er difor gledeleg at helseminister Ingvild Kjerkol har gjeve Helsedirektoratet beskjed om å vurdere korleis alkoholhaldig drikke kan merkast med åtvaring om helserisiko. Det er åtte månader sidan helseministeren fekk ei utgreiing på 30 sider frå Helsedirektoratet, og Helsedirektoratet tilrår åtvaringsmerking på alkoholvarer.
Både Ungdomspanelet i Møre og Romsdal og den ruspolitiske organisasjonen IOGT har merket seg en endring i alkoholbruk og holdninger hos ungdommer i fylket. De inviterte derfor politikerne i Molde til debatt om ungdom og alkoholforebygging 28. november.
Kva er fleip og kva er fakta i kunnskapsformidlinga på rusfeltet? Det var overskrifta då leiar av IOGT Midt-Norge, Per Arne Lillebø, kalla inn til inspirasjonsseminar på Rica Parken Hotel i Ålesund fredag 29. november.