På årets inspirasjonsseminar i IOGT Midt Norge har vi valt å fokusere på oppvekstmiljøet for barn og ungdom. Kva er dei gode rammebetingelsane for ein lukkelig oppvekst og kva kan vi som vaksne gjere?
Torsdag 31. oktober er det klart for Midt-Norsk inspirasjonsseminar i Scandic Parken i Ålesund. Deltakelse på seminar og kveldsbuffet koster 1000 kr per person, men det er satt av gratisplassar til IOGTs medlemer.
Les mer og meld deg på seminaret her: Inspirasjonsseminar med IOGT Midt Norge.
Familien, barnehagen, skulen, vener og sosiale medie spelar alle kvar for seg og samla ei viktig rolle. På dette seminaret vil vi særskilt fokusere på korleis alkohol- og anna rusmiddelbruk påvirkar barn og ungdom i ulike deler av oppveksten.
I dag bur ca. 115.000 barn saman med foreldre som har alvorlige psykiske lidingar. Alkohol og anna rusbruk forsterkar ofte psykiske vanskar. Om lag 80 prosent av dei som er innblanda i valdssaker er påvirka av alkohol. Mange barn opplever omsorgssvikt og overgrep. Konflikter mellom foreldra kan bidra til psykiske vanskar, søvnproblem og andre helseproblem hjå barn og ungdom.
Vaksne sitt ”normale” rusforbruk veit vi også kan gi utryggleik, fordi vi som vaksne då endrar oss. Barn som opplever at foreldra endrar seg under påverknad av alkohol kjenner oftare på ein utryggleik og usikkerheit. Ungdom som drikk saman med sine foreldre har høgare risiko for fyll. Samtidig veit vi at ungdom som drikk heime, også drikk meir. I ungdomstida ser vi ein klar samanheng mellom rus og psykiske vanskar. Barn og ungdom tar etter dei vaksne sine alkoholvanar. Vi påvirkar naturlegvis dei som er yngre enn oss.
Les også: Foreldre er de viktigste forebyggerne
Som vaksne har vi eit særskilt ansvar for å gjere det enklare for ungdom å avstå frå bruk av alkohol og andre rusmiddel. Eksemplet si makt betyr her – som i mange andre forhold ellers i livet - mykje. Sjansen for ein god oppvekst er mykje større dersom det ikkje blir brukt alkohol- og andre rusmidlar av viktige vaksne i barne- og ungdomsåra. Alkoholbruk i nærver av barn høyrer ikkje sammen.
Les også: Politikerne må gjøre det lett for ungdom å ta rusfrie valg
På seminaret vil vi sjå nærare på korleis ”alt henger saman med alt” og at vi er oss bevisst at vi alle kan vere med å gjere vårt. Ein alkoholpolitikk som byggjer på å halde forbruket av alkohol nede i heile befolkninga, til det ansvaret vi har som foreldre, besteforeldre, skule, politi, kyrkje, frivillige organisasjonar og samfunn. Alkoholproblem er ikkje skjebnebestemt – men kan påvirkast. Avslutningsvis kjem vi til å ha ein samtale mellom innleiarane om kva som er dei beste løysingane.
Målet for seminaret er at vi skal reise frå kvarandre litt meir inspirert og klokare til å fortsette arbeidet for ein mest mogleg rusfri oppvekst for alle. Vel møtt til dialog og nokre spennande ettermiddagstimar med eit innhaldsrikt inspirasjonsseminar i Ålesund!
Det er ikke et uttrykk for solidaritet å bygge opp under den stadig mektigere cannabisindustrien, skriver generalsekretær Hanne Cecilie Widnes i IOGT i Klassekampen 4.juli.
Både Ungdomspanelet i Møre og Romsdal og den ruspolitiske organisasjonen IOGT har merket seg en endring i alkoholbruk og holdninger hos ungdommer i fylket. De inviterte derfor politikerne i Molde til debatt om ungdom og alkoholforebygging 28. november.
Alkohol er ei lovleg vare. Alkohol er ei spesiell vare. Denne væska kan medføre avhengigheit. Det er det ikkje alle væsker som kan. Tenk på vatn eller jus til dømes. Viss alkoholen var ei nyoppfinning anno 2022, trur du ho ville ha vorte godkjent som ei salsvare? Eller ville ein ha tenkt at det er kanskje best at ho ikkje vert selt?
Sterk&Klar støtter og styrker de voksne i deres rolle som ungdomsforeldre og viktige rollemodeller. .
Sterk&Klar er IOGTs forebyggingsprogram for ungdomsskoleforeldre. 19. mars inviterer vi alle som jobber i skolen og med ungdom til gratis fagdag med konkrete tips og verktøy. Forebygging er nøkkelordet.
Vi bestilte storfamilieferie på et av TUIs spesialiserte hotell for barnefamilier på Gran Canaria. Nå pusher TUI og Norwegian alkohol på oss i flere kanaler.
Kristiansand folkebibliotek i Rådhusgata 11, Kristiansand
Kranjska Gora, Slovenia
Stortinget åpner nå trolig for produsentsalg av alkohol over 4,7 prosent, etter at næringskomiteen nå har anbefalt dette. Nationen omtaler det som en mindre justering av omsetningen i en lederartikkel 6.mai. Vi mener dette handler om et veiskille i alkoholpolitikken.
Mange frivillige har engasjert seg i årets «Edru på barnas dag»-kampanje – med stands, aktiviteter, innlegg i sosiale medier og leserbrev i lokalaviser over hele landet. Vi vil rette en stor takk til alle som har bidratt til å løfte fram budskapet om en trygg og inkluderende 17. mai for barna. Her deler vi ett av innleggene som har stått på trykk den siste tiden.
IOGT arrangerte et åpent møte på Tromsø bibliotek om forslaget om å åpne for utvidede skjenketider under fotball-VM i 2026. Line Elisabeth Solbakken, Kommunestyrerepresentant for SV, var blant politikerne som satt i panelet og etter debatten fikk skrev hun dette innlegget i Nordnorsk debatt.