Per-Arne Lillebø, IOGT-Region Midt-Norge
«Den sunne livsstil» har vorte ein av vår tids store trendar. Det er det grunn til å gle seg over. Det gjev også grunn til å tru at det etter kvart skal vekse fram ei erkjenning av at ein sunn livsstil også er ein rusfri livsstil.
Om få månader skal det veljast nye kommunestyre over heile landet. Den aller viktigaste oppgåva for alle politikarar må vere å gjere vedtak som fremjar det gode liv for heile befolkninga. Det vil blant anna seie:
I Norge har vi slutta oss til Verdas Helseorganisasjon, WHO, si målsetting om at vi skal redusere det skadelege alkoholkonsumet med 10% innan 2025. Seinast i Folkehelse-meldinga og statsbudsjettet for 2016 blir denne målsettinga stadfesta. WHO sitt sterke fokus på alkohol er ikkje utan grunn. Det er knapt nokon enkeltfaktor som har større innverknad på folkehelsa, og det gode liv, enn nettopp befolkninga sitt forbruk av alkohol. Målsettinga om ein reduksjon på 10% er derfor viktig, og vil ha stor effekt på folkehelsa.
Det er derfor dessto meir beklageleg at vi endå ikkje har klart å snu ein trend med aukande alkoholkonsum i Norge. Målet om ein reduksjon på 10% er ikkje uoppnåeleg, men kan ikkje oppnåast utan målretta tiltak. Praktiseringa av alkohollova er i stor grad eit kommunalt ansvar. Det er kommunen, som innanfor ramma av det Stortinget har bestemt, fastset reglar for skjenketider, og som gjev skjenkeløyve mm.
Dei nye folkevalde skal også vedta ein eigen ruspolitisk handlingsplan for kommunen. Det er derfor kommunestyra som bestemmer kor lett tilgang det skal vere til alkohol i eigen kommune, og tilgangen er sjølve nøkkelfaktoren til alkoholkonsumet i eit samfunn. Dette betyr at det først og fremst er eit kommunalt ansvar å handheve alkohollova på ein slik måte at målsettinga om 10% reduksjon blir oppnådd. Vi håper våre nye folkevalde tek dette ansvaret på alvor, og slik bidreg til betre folkehelse og det gode liv for heile befolkninga.
Godt val og lukke til!
ALLE skal kunne leve frie og meningsfulle liv uten at rus skal stå i veien - også mennesker med utviklingshemning. Denne gruppen har lett for å bli kasteballer mellom forskjellige instanser og det er lite kunnskap om hvor mye rus det er blant dem og i hvilken grad det fører til problemer
Det viser den ferske rapporten «Alkohol og koronapandemi». IOGT ber om at hensynet til barn og unge må prioriteres foran andre hensyn i alkoholpolitikken også under Korona pandemien.
På våre fagdager samles politikere, fagfolk og representanter for frivillige organisasjoner til ruspolitisk oppdatering og gjennomgang av utfordringene i sitt lokalsamfunn.
21. oktober annonserte Helse Sør-Øst (HSØ) omsider resultatet av anbudsprosessen innen tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) – til stor forferdelse for et samla rusmiddelfelt som oppfatta konklusjonene til HSØ som reine raseringa av feltet.
Kva er fleip og kva er fakta i kunnskapsformidlinga på rusfeltet? Det var overskrifta då leiar av IOGT Midt-Norge, Per Arne Lillebø, kalla inn til inspirasjonsseminar på Rica Parken Hotel i Ålesund fredag 29. november.
Nå kan du skrive under på Hvit jul 2024. Ved å skrive under og velge alkoholfritt med barn tilstede, påvirker du holdninger og bidrar til en tryggere jul for enda flere barn.