Fleire frå Region Midt på Landsmøtet

Her er delegasjonen frå IOGT Region Midt-Norge som var på Landsmøtet i Åsane i juni: Framme frå venstre Gjertrud Hauge (Skodje), Konrad Moe (Molde), Søren Høj (Molde), Per-Arne Lillebø (Ulsteinvik) og Hjørdis Almelid Vikenes (Ørsta). Bak frå venstre: Gunnar Hauge (Skodje), Ole Brubakk (Fosnavåg) og John Almendingen (Sandnessjøen). (Foto: Privat)

I juni var det Landsmøte for IOGT på Åsane Folkehøgskole. IOGT Region Midt-Norge og lag og område i regionen vår hadde fleire utsendingar på Landsmøtet.

- Region Midt-Norge hadde på førehand innsendt fleire saker som vart handsama på Landsmøtet. Noko fekk vi gjennomslag for, og andre ikkje, men det er viktig å løfte fram dei sakene vi meiner at Landsmøtet skal drøfte, seier regionleiar Per-Arne Lillebø.

Etter valet på Landsmøtet sit følgjande no i sentraltstyret: Leiar Ørnulf Thorbjørnsen (Nord), nestleiar Sofia Gram-Hallbert (Aust), Per-Arne Lillebø (Midt), Elisabeth Hagen (Aust), Are Eriksen (Nord) og Kristine Cseresnyes (Vest). Tor Martin Flø Gustad (Midt) er 1. vararepresentant og 2. vararepresentant er Rolf Larsen (Sør).