Vinifera i Ørsta - alkoholfritt og skravlete

Gågate. Ærverdig. Hus. Flasker. Mange. Hyllemeter. Alkoholfritt. Glutenfritt. Papp. Rett. I. Skravlekoppen.

Av og til vert eg litt stakkato i skrivemåten når eg får gode opplevingar. Det å entre inngangsdøra til butikken Vinifera var kjekt. Hyllemeter på hyllemeter med importerte alkoholfrie vinar. I tillegg er vinbutikken og kafeen i Gågata i Ørsta sertifisert Skravlekopp-butikk. Veldig flott at ein vinbutikk også har ei kaffimaskin og litt å “bite i”, slik at folk kan ta seg tida til å setje seg ned, bruke ein Skravlekopp og på den måten vere med å gjere lokalsamfunnet meir skravlete.

- Bjørn Helset, dagleg leiar i Vinifera, korleis kom du på idéen med å starte vinbutikk og netthandel av vin?

 

- Det var kona mi, Heidi Øye Helset, som hadde dei gode tankane om å starte ein alkoholfri butikk. Eg har i grunnen berre vore med og gjort idéane hennar til røyndom. Her i butikken har vi vinar av høg kvalitet, som er glutenfri og fleire er også utan sukker, slik at det er helsefremjande å drikke dei, meiner vinhandlaren i Ørsta.

WHO sitt mål

Han fortel entusiastisk om at i produksjonen av desse vinane vert alkoholen kokt ut. Dermed har vinane fem års haldbarheit. 

 

- Vi er ein liten nisjeaktør, og dette hadde vi nok ikkje fått til, viss eg ikkje hadde vore forretningsdrivande også tidlegare. Vi har søkt kommunalt tilskot i frå Næringsfondet. Eg ser ikkje på denne verksemda som ein butikk som skal vekse inn i himmel, men eg håper at trenden med å drikke alkoholfritt vil vedvare, for på den måten kan vi vere med å oppfylle Verdas Helseorganisasjon (WHO) sitt mål om å redusere alkoholforbruket på verdsbasis i åra som kjem. 

Smugstil frå Frankrike

For dei som har reist i Europa, kjem truleg tankane til tronge smau, uteliv og god tid til måltid og drøsing fremst i hugen, når ein ser stilen i Vinifera. Bjørn har det siste året brukt mykje tid på å byggje hyller og innreiing i butikken. Han fortel at det har vore godt for han å bruke hendene til å beise og snikre innreiinga i butikken.

 

- Ein kan nok seie at dette med vinbutikken har vore sorgterapi for meg. I fjor miste eg både eine broren min og foreldra mine, slik at då var det greit å ha konkrete arbeidsoppgåver å gjere kvar dag. Det å beise fjølene og byggje hyllene og det andre i butikken, var meiningsfylte oppgåver, sjølv om det kunne gå litt i rykk og napp med kor mykje eg klarte å gjere kvar dag.

Jazzmusikk

Det har vorte fint i butikken. Det er mykje rom som ikkje er fylt med noko. Ergo er det god plass for kundane til å kike i hyllene og setje seg ned i møblane og skravle litt med andre.

 

- Det er ikkje sikkert det er så mange andre stadar ein kan sitje og prøvesmake på vinar, lytte til jazzmusikk og ev også ta seg ein Skravlekopp med kaffi, eller anna drikke. Sidan vi har eit konsept der kunden kan ta med seg mat og drikke i farta, fekk vi som dei første i Norge Skravlekoppar i papp. Vi har allereie fått spørsmål om vi kan etablere Vinifera-utsal andre stadar i landet, men først får vi prøve det ut her. Om vi eventuelt kan vere med og inspirere til utvikling av alkoholfrie vinar her til lands, er det flott, seier Helset.

Det enkle

Han håper at Vinifera kan medverke til at unge synest det er enklare å leve alkoholfritt, at bedrifter kan ha ståande alkoholfrie vinar i verksemdene, slik at dei raskt kan feire gode ordrar, prisar, nye samarbeidspartnarar eller kva som helse, sprette ei vinflaske og markere ei høgtidsstund, og så kan alle gå attende til arbeidet sitt. I dag har dei 600 flasker i butikkhyllene sine, og tretti sortar.

 

- Når vi etter kvart kjem skikkeleg i gong med drifta vår, har vi tenkt at vi kan ha prøvesmakingsdagar om fredagane, og servere enkle småting som kjeks og ost attåt. Når sommaren kjem med litt meir varme, og vi får markiser på utsida, då tenkjer vi at vi kan forlengje utelivet i Ørsta med eit par veker, for der kan ein også sitje om det regnar. Noko det ofte gjer på Vestlandet, konstaterer butikkdrivaren.

Temakveldar

Om lag og foreiningar etter kvart ev vil ha temakveldar, må ein sjå kva ein kan få til av slike samkomer. 

 

- No er mange underernærte på det å treffast fysisk. Hjå oss kan unge, gravide, eldre og folk med underliggjande sjukdomar komme og drikke alkoholfritt, utan at det påverkar helsesituasjonen på negative måtar. 

Elles arbeider Bjørn Helset også med andre arbeidsoppgåver. I enden av vinbutikken, er det kontorlandskap, og konferansebord. På den måten kan han veksle mellom ulike arbeidsoppgåver i løpet av ein arbeidsdag.

 

- Korleis kom de på namnet Vinifera?

 

- Det er latin og tyder vinranke. Vi syntest det høvde til dei lokala vi hadde, og det konseptet vi har. Elles vert det spennande å sjå korleis dette med smaksbildet endrar seg framover. Fleire kjendisar lever no alkoholfritt, og då vert dei populære som ambassadørar for ulike alkoholfrie vinar. Dette med rollemodellar som har bakgrunn i frå tv og film har effekt i marknaden, viser forsking. 

Så vidt dei veit, har ingen andre i Europa tort å opne ein alkoholfri vinbutikk. 

 

- Vi testar det ut no! Vi torer, og det er ei unik greie. Vi har opna butikkdøra vår, men vi har ikkje hatt offisiell opning enno. Til jul håper vi at vi kan bidra til at mange har alkoholfrie juler. Vi skal i alle høve dekorere butikken og lage til ein skikkeleg julebutikk her då, konstaterer Bjørn Helset.

Viss de vil finne ut av kva som finst i dei alkoholfrie hyllene i Ørsta, kan de klikke dykk innom denne nettsida:

https://vinifera.vin/

Tekst og foto: Hjørdis Almelid Vikenes, nestleiar IOGT Region Midt-Norge

18.00 7. juni - 15.00 9. juni 2024

Åsane folkehøgskole i Bergen

17.00-19.00 16. juni 2024

Røde Kors konferansesenter i Hausmannsgate 5 i Oslo

Nyheter

IOGTs foreldreundersøkelse 2024 ble lansert på Sterk&klars fagdag i Oslo 19. mars. Spørreundersøkelsen har spurt foreldre til ungdommer mellom 12 og 17 år om hva de tenker, mener og er bekymret for når det gjelder sin egen ungdom og alkohol. 

Nå er IOGT sin podkast som gir kunnskap om ungdom i dagens samfunn og nyttige verktøy til foreldre lansert

Bli med på fem spennende dager tur i rusfritt fellesskap 4.-9. september 2024. En tur full av god mat, severdigheter, besøk til småprodusenter, kulturopplevelser med blant annet besøk til Pompei og landsbyfesten Festa del’Uva – og selvsagt hyggelig samvær.