Det gode heilårslivet

90.000 norske born har minst ein forelder som misbrukar alkohol, og ein reknar med at det er dobbelt så mange som har foreldre med risikofylt alkoholforbruk, skriver IOGT Region Midt-Norge.

No har mange butikkar bydd på julevarer i fleire veker allereie. Mange born og unge gler seg til jul, og mange gruar seg til juledagar som dei veit kan verte litt utfordrande når vaksne og born skal vere i lag og det gjerne vert brukt rusmiddel. 

Tal frå Folkehelseinstituttet syner at 90.000 norske born har minst ein forelder som misbrukar alkohol, og ein reknar med at det er dobbelt så mange som har foreldre med risikofylt alkoholforbruk. 

IOGT er ein ruspolitisk organisasjon. IOGT Region Midt-Norge dekkjer Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland og vi driv haldningsskapande arbeid heile året. Så langt i år har vi verva knapt 200 nye medlemer i regionen vår. 

I førjulstida fokuserer vi på “kvite juledagar”, det vil seie dagar som er utan rus. Gjennom kampanjen vår Hvit jul, er det mange tusen vaksne i Norge som kvart år skriv under på at dei ønsker å ha rusfrie dagar saman med born og unge nokre juledagar. I fjorårets kampanje var det over 17.000 som skreiv under på at dei ville ha kvite juledagar i lag med born og unge. Veldig kjekt det.

«Den sunne livsstilen» er i dag trendy. Det er det grunn til å gle seg over. IOGT vil arbeide for at ein sunn livsstil også vert ein rusfri livsstil. I haust har vi hatt anten nyval eller attval i kommunestyra våre her til lands. Politikarar skal gjere vedtak som fremjar det gode livet for heile befolkninga. I Norge har vi slutta oss til Verdas Helseorganisasjon, WHO, si målsetting om at vi skal redusere det skadelege alkoholkonsumet med ti prosent innan 2025. Seinast i Folkehelse-meldinga og statsbudsjettet for 2016 blir denne målsettinga stadfesta.

WHO sitt sterke fokus på alkohol er ikkje utan grunn. Det er knapt nokon einskildfaktor som har større innverknad på folkehelsa, og det gode liv, enn nettopp befolkninga sitt forbruk av alkohol. Målsettinga om ein reduksjon på ti prosent er derfor viktig, og vil ha stor effekt på folkehelsa.

Kommunestyra bestemmer kor lett tilgang det skal vere til alkohol, og tilgangen er sjølve nøkkelfaktoren til alkoholkonsumet i eit samfunn. IOGT håper våre nye folkevalde tek dette ansvaret på alvor, og slik bidreg til betre folkehelse og det gode liv for heile befolkninga både i førjulstida og heile året.

Så er det opp til kvar einskild å vere eit omsorgsfullt medmenneske. I IOGT prøvar vi å formidle haldningane våre på ulike felt, fordi vi meiner at born har det tryggast viss dei får vekse opp i rusfrie miljø. Når vi får kjennskap til familiar som har utfordringar med alkohol, eller andre rusmiddel, skal vi ikkje vere fordømmande, men prøve å hjelpe desse familiane gjennom dei støttetiltaka som det offentlege og frivillige
lag og organiasjonar har. Det tek ein heil landsby å oppdra eit barn, seier dei gjerne i Afrika. Kva seier vi om oppsedinga av barn i Noreg?

God kvit jul!Innlegget ble publisert på rana.no den 8. des 2019

20.00-21.00 14. januar 2025

Teams

Nyheter

21. oktober annonserte Helse Sør-Øst (HSØ) omsider resultatet av anbudsprosessen innen tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) – til stor forferdelse for et samla rusmiddelfelt som oppfatta konklusjonene til HSØ som reine raseringa av feltet.

Kva er fleip og kva er fakta i kunnskapsformidlinga på rusfeltet? Det var overskrifta då leiar av IOGT Midt-Norge, Per Arne Lillebø, kalla inn til inspirasjonsseminar på Rica Parken Hotel i Ålesund fredag 29. november. 

Nå kan du skrive under på Hvit jul 2024. Ved å skrive under og velge alkoholfritt med barn tilstede, påvirker du holdninger og bidrar til en tryggere jul for enda flere barn.