Legg til rette for dei sunne vala og det gode livet

«Den sunne livsstil» har vorte ein av vår tids store trendar. Det er det grunn til å gle seg over. Det gjev også grunn til å tru at det etter kvart skal vekse fram ei erkjenning av at ein sunn livsstil også er ein rusfri livsstil.

Om få månader skal det veljast nye kommunestyre over heile landet. Den aller viktigaste oppgåva for alle politikarar må vere å gjere vedtak som fremjar det gode liv for heile befolkninga. Det vil blant anna seie:

  • Legge til rette for at dei sunne vala, blir dei enklaste vala.
  • Sørge for lett tilgang til turområde, gang- og sykkelvegar.
  • Ikkje ha sukkertøy og andre usunne varer godt synleg i butikkane.
  • Syte for god tilgang til frukt og grønt.
  • Syte for at det enklaste er å velje alkoholfritt.

I Norge har vi slutta oss til Verdas Helseorganisasjon, WHO, si målsetting om at vi skal redusere det skadelege alkoholkonsumet med 10% innan 2025. Seinast i Folkehelse-meldinga og statsbudsjettet for 2016 blir denne målsettinga stadfesta. WHO sitt sterke fokus på alkohol er ikkje utan grunn. Det er knapt nokon enkeltfaktor som har større innverknad på folkehelsa, og det gode liv, enn nettopp befolkninga sitt forbruk av alkohol. Målsettinga om ein reduksjon på 10% er derfor viktig, og vil ha stor effekt på folkehelsa.

Det er derfor dessto meir beklageleg at vi endå ikkje har klart å snu ein trend med aukande alkoholkonsum i Norge. Målet om ein reduksjon på 10% er ikkje uoppnåeleg, men kan ikkje oppnåast utan målretta tiltak. Praktiseringa av alkohollova er i stor grad eit kommunalt ansvar. Det er kommunen, som innanfor ramma av det Stortinget har bestemt, fastset reglar for skjenketider, og som gjev skjenkeløyve mm.

Dei nye folkevalde skal også vedta ein eigen ruspolitisk handlingsplan for kommunen. Det er derfor kommunestyra som bestemmer kor lett tilgang det skal vere til alkohol i eigen kommune, og tilgangen er sjølve nøkkelfaktoren til alkoholkonsumet i eit samfunn. Dette betyr at det først og fremst er eit kommunalt ansvar å handheve alkohollova på ein slik måte at målsettinga om 10% reduksjon blir oppnådd. Vi håper våre nye folkevalde tek dette ansvaret på alvor, og slik bidreg til betre folkehelse og det gode liv for heile befolkninga.

Godt val og lukke til! 

#Rusfrittvalg

Våre tre hovedoppfordringer til lokalpolitikere:

  • Sett hensynet til barn og unge først i skjenkepolitikken.
  • Tilby ungdom attraktive og rusfrie fritidsarenaer. 
  • Legg til rette for organisert foreldresamarbeid.

Aktiviteter:

18.00-20.00 14. november 2019

Tønsberg og Færder bibliotek

18.00-20.00 3. desember 2019