Alkoholpolitikken - om felles verdiar og ansvar, valfridom, kunnskap og rollemodellar

1. november 14:00

Sted: Scandic Parken Hotel

IOGT Region Midt-Norge inviterer til inspirasjonsseminar på Scandic Parken i Ålesund, torsdag 1. november 2018- kl 14.00. Seminaret er også tilgjengeleg for andre interesserte.

Påmelding 

innen laurdag 30. september 2018 til Per-Arne Lillebø per.arne.lillebo@gmail.com eller mobil 90699082
I utgangspunktet reknar ein med at det i alle høve kjem 3 personar per område og 2 personar per lag. Dersom nokre område eller lag ikkje fyller kvoten, vil vi vurdere å ta inn andre medlemer.
Seminaret er gratis for IOGT-medlemer i Region Midt-Norge. Andre som er med på både seminardelen og kveldsbuffet betalar kr 1.000,-. Den som deltek berre på konferansen betalar kr 400,-.
Regionen dekkjer overnatting for langvegsfarande IOGT-medlemer. Vi reknar med at deltakarar frå Møre og Romsdal reiser heim same dag. Regionen dekkjer ikkje reiseutgifter.

Last ned invitasjon som pdf

Alkoholpolitikken

- om felles verdiar og ansvar, valfridom, kunnskap og rollemodellar

Tittelen på årets inspirasjonsseminar tar opp betydninga av felles verdiar og ansvar, valfridom, kunnskap og rollemodellar i alkoholpolitikken. Vi påverkar kvarandre anten det er i skulen, på arbeidsplassen, i samvær med familien, blant vener eller i frivillege lag/organisasjonar. Dersom fleire vel å avstå frå bruk av alkohol gjer det også sitt til at det blir enklare for andre å drikke mindre eller å avstå frå alkoholbruk. Vi kan godt sei at dette bidreg til auka reell valfridom for fleire til å velje kva ein sjølv vil. Mange barn og vaksne kjenner i dag kanskje ingen som ikkje drikk alkohol. Alkoholbruk glir inn i kvardagen som noko som hører med. Det bidreg til eit høgare forbruk av alkohol i heile befolkninga. I neste omgang fører det til at fleire får eit risikofylt forbruk av alkohol.

Det personlege ansvaret til å vere med å gjere det enklare for andre å avstå frå bruk av alkohol i ulike sosiale samanhengar, er viktig. Når alle bidreg og gjer sitt, gir det også resultat. Ein samfunnsorientert alkoholpolitikk byggjer på den grunnverdien at omsynet til barn, ungdom og dei som får problem med eige og andre sitt alkoholforbruk blir sett først. Tilgang på alkohol for menigmann må kome i andre rekkje. Fråhaldsrørsla er tufta på ansvaret for å hjelpe og støtte alle dei som opplever problem relatert til alkoholbruk. Den gang som nå visste ein at alkoholproblema i samfunnet ikkje var skjebnebestemt, problema kan påverkast gjennom alkoholpolitiske verkemiddel og personleg engasjement.
På seminaret vil vi også løfte fram kva vi kan oppnå når fleire er med og tar ansvar med å vere tydelege rollemodellar. Vi veit at førebygging hjelper når den er kunnskapsbasert. God førebygging byggjer på at tilgang til alkohol og andre rusmidlar må reduserast. Det vil gi fleire gode leveår til fleire menneske - sterk motivasjon til engasjement og deltaking.
Seminaret vektlegg at ”alt heng saman med alt” og at vi er oss bevisst samanhengane i alkoholpolitikken. Det gir også større gjennomslagskraft i det daglege påverknadsarbeidet.
Vel møtt til eit innhaldsrikt inspirasjonsseminar i Ålesund!

Seminarprogram:

Kl. 14.00-14.15: Opning ved seminarleiar Per-Arne Lillebø
Kl. 14.15-15.00: Fleire gode leveår for fleire.
Om det personlege ansvar, folkehelsa og samanhengane i
alkoholpolitikken v/generalsekretær i Den norske legeforening Geir Riise
Kl. 15.00-15.30: Fråhaldsstandpunktet - eit viktig val v/stortingsrepresentant Olaug Bollestad
Kl. 15.30-1600: Kvardagsrus v/politimeister Ingar Bøen
Kl. 16.00-16.15: Pause
Kl. 16.15-16.45: Gode argument tel alltid – korleis kan det brukast i det daglege påverknadsarbeidet, v/professor Ola Honningdal Grytten
Kl. 16.45-17.30: Gode rollemodellar er viktig for at fleire vil velje ein rusfri livsstil.
Kva kan vi gjere saman og kvar for oss. Korleis kan Actis bidra? v/leiar i Actis, Arne Johannessen
Kl. 17.30-18.00: Vegen framover – ein felles prat mellom innleiarane.
Kva er den beste ”resepten” for morgondagens alkoholpolitikk?
Kl. 18.00-18.15: Oppsummering og avslutning v/seminarleiinga
IOGT i Norge er ein landsomfattande, ruspolitisk organisasjon i vekst. Vi arbeider med ulike rusførebyggande tiltak og eit omfattande sosialt arbeid, retta mot rusavhengige og mot barn og unge.
Vi arbeider for å gjere det lett å ta rusfrie val i eit trygt og inkluderande samfunn.
Også i år blir inspirasjonsseminaret i vakre Ålesund.

Festmiddag med ”nogo attåt”

Vi rundar av med festmiddag, krydra med musikalsk inn-slag av paret Ragnhild og Arvid Pettersen, kjende frå kon-sertar og lovsongsgudstenester i 20 land. Og ikkje å gløyme Inger Krokeide Alnes: - Humor skaper fryd, harmoni og eit sunt sinn. Dette er bakgrunnen for kåseriet Irene Krokeide Alnes vil halde under middagen. Irene er songevangelist og programmedarbeidar i P7 og tør vere kjend for mange.

Foredragshaldarane:

Geir Riise:
Utdanna lege, som gjennom åra har vore innom Statoil (sjefslege), NHO (avdelingsdirektør), Hjelp 24 (direktør) og Posten (HMS-direktør). Generalsekretær i Den norske legeforening frå 2009.

Olaug Bollestad:
Stortingsrepresentant for KrF, Rogaland. Leiar i Helse- og omsorgskomiteen.

Ingar Bøen:
Politimeister i Møre og Romsdal. Han er cand. jur. Tidlegare har Bøen vore politiinspektør i Sunnmøre politidistrikt, statsadvokat i Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane statsadvokatembeter.

Ola Honningdal Grytten:
Professor ved Institutt for samfunnsøkonomi, Seksjon for økonomisk historie ved Norges
Handelshøyskole (NHH) og professor II ved Hauge School of Management (NLA).

Arne Johannessen:
Arne Johannessen er leiar i Actis. Politiinspektør, leiar for geografisk driftseining i Sogn og Fjordane.

Per Arne Lillebø:
Leiar i IOGT Region Midt-Norge.

"

DET ER DEN DRAUMEN
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H. Hauge

"

Møteplaner for de avdelingene som har slike program: