Å delta på jobbmessa i Ørsta var lærerikt

Det var lærerikt og inspirerande å delta på Give A Job-messa i Ørsta nyleg, seier Annlaug Stokke (t.v.), Hjørdis Almelid Vikenes og Per-Arne Lillebø frå IOGT Region Midt-Norge. (Foto: Henriette Stave)

Tysdag 24. januar i år arrangerte NAV ei jobbmesse i Ørsta, Give A Job. Der var det kring 350 deltakarar frå heile Søre Sunnmøre med jobbsøkjarar frå mange land, arbeidsgjevarar, offentlege instansar og fleire frivillige lag og organiasjonar. Av desse var 180 innvandrarar, kring 45 bedrifter var representerte og det var fleire frivillige organisasjonar som deltok.

- Det var lærerikt og kjekt å få delta på denne jobbmessa, seier regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge. Han verva til og med ein medlem medan han stod på stand.

Saman med nestleiar Hjørdis Almelid Vikenes og varamedlem Annlaug Stokke stod han på infostand under jobbmessa. Starten av messa var for arbeidsgjevarar og frivillige. Der deltok Per-Arne og Annlaug. Om ettermiddagen var det samling for jobbsøkjarar, arbeidsgjevarar og frivillige.

Kontaktpunkt

Både konferansieren Lisbeth Mehl og mannen bak Give A Job, Aiman Shaqura, var nøgde etter gjennomført messe. Det var i 2015 at Shaqura og Arne Hjeltnes starta konseptet Give A Job, der målet var å skape ein møtestad for innvandrarar, arbeidsgjevarar og frivillige, slik at ein kunne knyte gode lokale kontakter. Til avisa Møre uttalar Mehl og Shaqura at jobbmessa gjekk over all forventning.

- Kast deg ut i det. Nokre gongar er gjort betre enn perfekt. Noko av det beste med Noreg er at det alltid er mogleg å starte på nytt, sa Aiman Shaqura.

Nestleiar Hjørdis Almelid Vikenes som er busett i Ørsta vart kjent med planane om denne jobbmessa tidleg. Ho såg då eit høve for IOGT til å stille med infostand.

- Vi har ikkje jobbar å tilby i IOGT Region Midt-Norge, men det er fin språktrening å vere med i ein frivillig organisasjon. Der møter ein folk, knyter vennskapsband og får samhandle med andre i eit målretta arbeid, så det er gode greier, meiner ho.

Inspirerande

IOGTmedlem Annlaug Stokke deltok på heile samlinga. Ho syntest dette var ei inspirerande og lærerik samling.

- Eg synes det var veldig kjekt å vere med på konferansen, og vi fekk snakka med mange innvandrarar. Eg trur det er viktig at vi som frivillig organisasjon er synlege og aktive også på ein slik arena. 

Det er NAV-kontora på Søre Sunnmøre som stod bak jobbmessa i Ørsta, i samarbeid med nokre kommunar, og Iselin Eliassen Aske og hennar medarbeidarar har gjort ein god jobb med messa.

I løpet av jobbmessa fekk ein høyre korleis nokre innvandrarar hadde fått jobbar, korleis arbeidsgjevarar som tilset innvandrarar tenkjer, og ein fekk statistikkar som viste ulike sider av arbeidslivet. Elles var det flotte musikalske innslag, god mat og høve til å drøse.- Å delta på slike jobbmesser er ein fin arena for frivillige lag og organisasjonar å profilere seg på. For oss spelar det ikkje noko rolle kva land folk kjem frå. Her er alle velkomne, og vi har bruk for folk med ulike bakgrunnar for å vere med i det arbeidet vi driv. I IOGT har vi fokus på dette å drive både medlemsverving og aktivitetar for innvandrarar, fortel regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge.

Tekst: IOGT Region Midt-Norge