-Kva frivillig innsats bringer til både samfunnet og individet kan ikkje undervurderast

Per-Arne Lillebø taler

Det manglar ikkje på oppmodingar om å ta del i frivillege organisasj-onar. Det er sunt og givande både for den som deltek, og den organisasjonen arbeider for, seier Per-Arne Lillebø. Foto: Leiv Arne Grimstad, tatt under inspirasjonsseminaret no i haust. Tekst: Jan Åge Sundnes

Meiner leiar i IOGT Region midt-Norge, Per-Arne Lillebø.

– Å seie ja til eit verv, om det er i politiske eller andre frivillige organisasjonar, er veldig viktig for den oppveksande slekt, seier Per-Arne Lillebø. Eit breitt kontaktnett er hendig i jobben som regionleiar i ein landsomfattande organisasjon som IOGT. Det er nett takka vere engasjementet for organisasjonsarbeid som har sytt for det store kontaktnettet. Verdien av organisasjonsarbeid handlar ikkje berre om det ein gir, men også det ein får. Tidvis kan det vere hektisk, men like fullt givande. Eit breitt kontaktnett er berre éin av gevinstane.

Det manglar ikkje på oppmodingar om å ta del i frivillege organisasj-onar. Det er sunt og givande både for den som deltek, og den organisasjonen arbeider for, seier Per-Arne Lillebø. Foto: Leiv Arne Grimstad, tatt under inspirasjonsseminaret no i haust. Tekst: Jan Åge Sundnes

– Kunnskap. Venskap. Varierte arbeidsoppgåver. Du får heile pakken, og du tek det med gjennom heile livet, seier regionleiaren. Lillebø meiner ein går glipp av noko ved ikkje å engasjere seg i godt og førebyggande frivillig arbeid – om det så er IOGT, besøkstenesta, eit politisk parti, ein ideell organisasjon, eit korps eller eit idrettslag som treng kunnskapane dine. Han fryktar at til betre vi får det, til høgare vert terskelen for å bidra frivillig.

– I trongare tider har organisasjonsarbeidet ei oppblomstring, men i gode tider får folk velje frå øvste hylle. Eg ser ofte at det er problem å få folk til å engasjere seg. Folk har det så godt på ulike måtar. Dei seier ja til det som er kjekt og nei til det andre, seier Lillebø og held fram:

– Men frivillig engasjement er også kjekt! No i mi avsluttande tid er eg oppteken av kva frivillig arbeid gjennom livet har gitt meg og kva verdien har vore. Det er blant anna ikkje tvil i at du kjem i møte med menneske som set seg for resten av livet.

Verdien av frivillig arbeid får støtte frå offentleg- så vel som helsehald. Folkehelsemeldinga frå 2015 kallar frivilligheit ei avgjerande kraft i samfunnet. Det fremjar trivsel, tilhøyrsle og demokrati. Og faktisk helse. Funn i ei nordamerikansk undersøking publisert i Psychological Bulletin viser at frivillig arbeid to til tre timar i veka kan knytast opp mot redusert depresjon, auka psykisk velvære og generelt betre helse. Flest fordelar i undersøkinga opplevde eldre med kroniske helseplager.

Har du ikkje tid, tenkjer du? For dei fleste vil i botn og grunn dette gjelde: Alt du brukar tid på er prioriteringar, noko den tidlegare læraren og lokalpolitikaren Leif Hovde er inne på i eit tidlegare innlegg i Syskenbandet. Vi har akkurat like mykje tid som for nokre tiår sidan, då vi både rakk å slå av ein prat over nabogjerdet og rakk å engasjere oss i dei store folkerørslene som voks fram.

Er vi i ferd med å miste samhaldet og den personlege kontakten? Han har ei oppfordring: For å bevare det frivillige arbeidet som limet i samfunnet, må organisasjonane våge å vere inkluderande, rause og opne. På den måten kan vi også bidra til å gjere eit samfunn prega av (u)sosiale medium litt meir personlege.