Kari Kvistad, regionleiar Per-Arne Lillebø og Henning Holsvik i frå IOGT Region Midt-Norge stod på stand på kjøpesenteret i Ørsta 17. desember. Då fekk dei 200 underskrifter til hvitjul-aksjonen. (Foto: Privat)
IOGT Region Midt-Norge har dei siste vekene stått på standar ulike stadar i regionen. I tillegg til at regionstyret sine medlemar står på stand, har også lokale iogt-medlemar stått på standar.
- Vi har fått god mottaking der vi har ferdast, og mange har skrive under på at dei vil vere alkoholfrie i jula når dei er saman med barn. Dette er gledeleg, seier regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-
Norge.Saman med regionstyremedlem Tor Martin Flø Gustad har han stått på standar i Melhus 25. november, og i Trondheim 7. og 8. desember, der dei fekk totalt 865 underskrifter til IOGT sin juleaksjon hvitjul.no.
Vidare har Per-Arne saman med lokale iogt-medlemer stått på stand på kjøpesenteret i Ørsta, der dei fekk 200 underskrifter 17. desember.
- Samla desse dagane har vi fått inn 1065 underskrifter, og det er fint å bevisstgjere kvarandre om kor viktig det er å ta barneperspektivet i jula, og syte for at dei har trygge rammer for julefeiringa. Borna trivst best saman med edru vaksne. Vi håper alle får ei kvit og god jul
Regionleiar Per-Arne Lillebø (t.v.) og regionstyremedlem Tor Martin Flø Gustad i IOGT Region Midt-Norge har stått på standar i Melhus og i Trondheim no før jul. Der har dei samla inn totalt 865 underskrifter til IOGT sin julekampanje hvithjul.no. (Foto: Privat)
Hvit jul kampanjen er i gang for fullt og har nå over tusen registrerte frivillige som på ulike måter oppfordrer voksne til å velge alkoholfritt når de er sammen med barn i julen.
– Vårt ønske for nasjonaldagen er at voksne er bevisst sitt ansvar som trygge voksne og gode rollemodeller, og bidrar til at dagen blir hyggelig for både store og små, sier Solveig Rauan Holten til Sandefjords blad.
56 % mener det generelt drikkes for mye alkohol i sommerferien når barn er tilstede.
Gode opplevelser gjør oss sterk i møte med livets utfordringer. Jula er en tid for å skape gode minner. Det er barnas høytid, og derfor også en tid da voksne har særlig grunn til å ta hensyn.
I følgje økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten er alkoholprisane her i landet halverte dei siste 20-25 åra, halde opp mot den generelle lønsutviklinga.
Det er tankevekkende at toppfolkene i helse opplever det som selvfølgelig at helsebudsjettene skal dekke deres alkoholbruk.