Mange skriv under på kvite juledagar

Kari Kvistad, regionleiar Per-Arne Lillebø og Henning Holsvik i frå IOGT Region Midt-Norge stod på stand på kjøpesenteret i Ørsta 17. desember. Då fekk dei 200 underskrifter til hvitjul-aksjonen. (Foto: Privat)

IOGT Region Midt-Norge har dei siste vekene stått på standar ulike stadar i regionen. I tillegg til at regionstyret sine medlemar står på stand, har også lokale iogt-medlemar stått på standar.

- Vi har fått god mottaking der vi har ferdast, og mange har skrive under på at dei vil vere alkoholfrie i jula når dei er saman med barn. Dette er gledeleg, seier regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-

Norge.Saman med regionstyremedlem Tor Martin Flø Gustad har han stått på standar i Melhus 25. november, og i Trondheim 7. og 8. desember, der dei fekk totalt 865 underskrifter til IOGT sin juleaksjon hvitjul.no.

Vidare har Per-Arne saman med lokale iogt-medlemer stått på stand på kjøpesenteret i Ørsta, der dei fekk 200 underskrifter 17. desember.

- Samla desse dagane har vi fått inn 1065 underskrifter, og det er fint å bevisstgjere kvarandre om kor viktig det er å ta barneperspektivet i jula, og syte for at dei har trygge rammer for julefeiringa. Borna trivst best saman med edru vaksne. Vi håper alle får ei kvit og god jul

Regionleiar Per-Arne Lillebø (t.v.) og regionstyremedlem Tor Martin Flø Gustad i IOGT Region Midt-Norge har stått på standar i Melhus og i Trondheim no før jul. Der har dei samla inn totalt 865 underskrifter til IOGT sin julekampanje hvithjul.no. (Foto: Privat)