I IOGT Region Midt-Norge har ein i mange år kombinert det å stå på standar og verve med telefonringing. Regionleiar Per-Arne Lillebø utnyttar tida når han er på reisefot til også å nå tak i folk via telefon.
- Det er gledeleg både når folk takkar ja til medlemsskap på standane våre, og også via telefon. Spesielt gledeleg har det vore når føresette har ringt meg og dei sjølve har verva borna sine til IOGT. Det er altså rørande å få slike telefonar, seier Lillebø.
I veke 6 har han og regionstyremedlem Tor Martin Flø Gustad vore på tur til Sandnessjøen, der dei både har delteke på årsmøte og stått på stand. Dei fekk også der verva nokre nye medlemer til IOGT. Ein har så langt i år verva 11 medlemar.
IOGT Region Midt-Norge er den største av dei fem regionane i IOGT. Pr 31. desember i fjor hadde ein totalt i heile landet 2527 medlemer i organisasjonen. Av desse var 1018 medlemer og 23 medspelarar totalt 1041 i Region Midt-Norge og det utgjer kring 40 prosent av den totale medlemsmassa til IOGT.
- Ved førre nyårsskiftet hadde vi 884 medlemer i Region Midt. Det er difor gledeleg at vi i løpet av 2022 har hatt ein god medlemsvekst. Vi deltok nyleg med infostand på Give A Job-messa i Ørsta, og der møtte vi mange innvandrarar. I regionen vår har vi som eit mål for dei to neste åra at vi skal ha fokus på dette å verve medlemer frå andre land også, fortel regionleiar Per-Arne Lillebø.
Tekst: Hjørdis Almelid Vikenes, nestleiar IOGT Region Midt-Norge
Onsdag 1. mars og torsdag 2. mars kjem regionleiar Per-Arne Lillebø og Tor Martin Flø Gustad i frå regionstyret til IOGT Region Midt-Norge til Namsos. Dei står på infostand på kjøpesenteret, og håper dei får møte mange der i løpet av to dagar.
Fordi at vatn sløkkjer tørsten mest effektivt, og kroppen treng vatn for at alle delar av kroppsmaskineriet skal fungere. Vatn er gratis, kaloriritt og lett tilgjengeleg i Norge. Vatn gjer at du toler varmen betre, og det kan gjere at du får mindre vondt i hovudet. Under trening er vatn nødvendig, og etter trening er vatn naudsynt for at kroppen skal kome seg raskt og bli klar for nye prestasjonar. Vatn er nødvendig for å tenkje klart.
Om du vil vere trendy i dag, kan du å lage fargerike og velsmakande mocktails. Slike drinkar er alkoholfrie. Dermed kan du feste saman med andre ein dag, og vere klar til ulike aktivitetar påfølgjande dag. Genialt edrueleg konsept med andre ord.
Når folk tippar hjå Norsk Tipping, kan dei velgje å støtte frivillige lag og organisasjonar. Dette må kvar einskild tippar velgje sjølv. IOGT Region Midt Norge, org.nr. 993905364, er godkjent som grasrotmottakar.
IOGT Region Midt-Norge har dei siste vekene stått på standar ulike stadar i regionen. I tillegg til at regionstyret sine medlemar står på stand, har også lokale iogt-medlemar stått på standar.