Takk til Norway Cup og Norges Fotballforbund

IOGT Region Midt-Norge takkar Bækkelagets Sportsklubb og Norges Fotballforbund for at dei frontar ein alkoholfri Norway Cup - for born og unge. Det er fint at Fotballforbundet samarbeider med organisasjonen av-og-til om rusførebyggjande arbeid. (Foto/skjermdump: Hjørdis Almelid Vikenes)

I samband med årets Norway Cup har arrangøren Bækkelagets Sportsklub og Norges Fotballforbund hatt fokus på at barneidretten skal vere utan alkohol. Det fokuset er viktig. Vi må hugse på at cupen skaper minne som varer livet ut.

Norway Cup er verda si største fotballturnering for born og unge i alderen 6-19 år. Denne cupen starta i 1972, og allereie frå starten har jentelag vore inkludert. Spelarar frå klubbar i mange land har delteke i løpet av alle desse åra, og dugnadsinnsatsen for å få arrangert cupen er stort. 

Vi i IOGT Region Midt-Norge heiar på alle som driv frivillig arbeid. Frivillige er viktige personar for mange andre. De gjer eit flott dugnadsarbeid som born og unge får nytteverdien av. 

Vi vil takke Bækkelagets Sportsklub og Norges Fotballforbund etter årets Norway Cup. Det har vore veldig fint å sjå reklame for organisasjonen av-og-til og Fotballforbundet som i fellesskap har fokusert på at barneidretten skal vere alkoholfri i samband med årets fotballcup i Oslo.

Sjølv om starten på cupen var våt, på grunn av nedbør, så har det i alle høve vore ein opptur edruskapsmessig at de har sett born og unge i førarsetet i cupen, og slik driv de også godt rusførebyggjande arbeid. Takk skal de ha for det - og framleis god rusfri sommar!

IOGT Region Midt-Norge

Leiar Per-Arne Lillebø og infomedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes

 

IOGT Region Midt-Norge takkar Bækkelagets Sportsklubb og Norges Fotballforbund for at dei frontar ein alkoholfri Norway Cup - for born og unge. Det er fint at Fotballforbundet samarbeider med organisasjonen av-og-til om rusførebyggjande arbeid. (Foto/skjermdump: Hjørdis Almelid Vikenes)