Viktig å verve medlemar!

Regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge hadde innlegg i samband med leiars tale om viktigheita av medlemsverving på Landsmøtet.

Han viste til korleis ein i Region Midt-Norge i mange år har hatt fokus på standar og telefonverving. Første halvår 2023 har ein i regionen vår verva 96 medlemar og 2 medspelarar. Det er landsmøtevedtak på at ein i alle ledd av organisasjonen no framover skal arbeide med medlemsverving.
- Vi må ha fokus på å ha standar eller andre aktivitetar der det er mogleg å verve nye medlemar. Viss ikkje når vi ikkje det målet vi har sett oss om å verte over 3000 medlemar. Kvart år er det ein del medlemar som fell i frå av ymse årsaker, slik at ein stadig må prøve å få innatt dei som eventuelt ikkje har hugsa å betale medlemskontigenten sin, og også verve nye, seier Per-Arne Lillebø.