Er du en influensar?

i Nynorskordboka kan vi lese at ein influensar er ein påverkar. Altså ein person som vil påverke nokon til noko. I daglegtale kan ein påverkar også verte omtalt som ein lobbyist.

 I fleire høve har vi sett at tidlegare stortingsrepresentantar kjem attende som påverkarar.

Er du ein påverkar?

I så fall, tenkjer du at det er eit gode at vi har influensarar i Noreg anno 2023? vi i IOGT Region Midt-Norge tenkjer at det er positivt med folk som står for noko, og som kan seie meiningane sine på gode måtar i ulike kanalar. Difor driv vi haldningsskapande arbeid på rusfeltet. Vi ser dermed på oss sjølve som influensarar.

Se hva du kan gjøre som frivillig i IOGT

Vil du vere influensar i godt lag? Ja, då har mange frivillige organisasjonar bruk for deg. Meld deg inn - og påverk gjennom organisasjonslivet. For oss IOGTarar er det viktig å vere med å skape gode rusfrie møtestadar for folk i alle aldrar. Ha ein fin vår - og hugs at det finst mange alkoholfrie drikkar!

Dette leserbrevet har stått på trykk i bl.a. Brønnøysundavis (18.04.23), Vestlandsnytt (18.04.23), Romsdalsbudstikke (26.04.23), Avisa Nordland (22.04.23) og Tidens krav (21.04.23)

Nyheter

Første halvår ble annerledes for IOGTs sammen-sentre enn det som var planlagt. En stund var det usikkert om ett eller flere sentre måtte stenges.

IOGTs bistandsorganisasjon FORUT har signert en ny rammeavtale med Norad på over 200 millioner kroner. Pengene skal FORUT bruke på å gjøre verden tryggere for barn.

- Snart vert det stabilt varmare i vêret får vi tru. Då er det å håpe at born og vaksne kan vere i sommarfint samvær både ute og inne. Dette skriv Per-Arne Lillebø, Hjørdis Almelid Vikenes i avisa Vestlandsnytt. Dei er engasjerte i kampanjen "Fyll ferien".