Mange skriv under på kvite juledagar

Kari Kvistad, regionleiar Per-Arne Lillebø og Henning Holsvik i frå IOGT Region Midt-Norge stod på stand på kjøpesenteret i Ørsta 17. desember. Då fekk dei 200 underskrifter til hvitjul-aksjonen. (Foto: Privat)

Kari Kvistad, regionleiar Per-Arne Lillebø og Henning Holsvik i frå IOGT Region Midt-Norge stod på stand på kjøpesenteret i Ørsta 17. desember. Då fekk dei 200 underskrifter til hvitjul-aksjonen. (Foto: Privat)

IOGT Region Midt-Norge har dei siste vekene stått på standar ulike stadar i regionen. I tillegg til at regionstyret sine medlemar står på stand, har også lokale iogt-medlemar stått på standar.

Regionleiar Per-Arne Lillebø (t.v.) og regionstyremedlem Tor Martin Flø Gustad i IOGT Region Midt-Norge har stått på standar i Melhus og i Trondheim no før jul. Der har dei samla inn totalt 865 underskrifter til IOGT sin julekampanje hvithjul.no. (Foto: Privat)

- Vi har fått god mottaking der vi har ferdast, og mange har skrive under på at dei vil vere alkoholfrie i jula når dei er saman med barn. Dette er gledeleg, seier regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge.

Saman med regionstyremedlem Tor Martin Flø Gustad har han stått på standar i Melhus 25. november, og i Trondheim 7. og 8. desember, der dei fekk totalt 865 underskrifter til IOGT sin juleaksjon hvitjul.no. Vidare har Per-Arne saman med lokale iogt-medlemer stått på stand på kjøpesenteret i Ørsta, der dei fekk 200 underskrifter 17. desember.

- Samla desse dagane har vi fått inn 1065 underskrifter, og det er fint å bevisstgjere kvarandre om kor viktig det er å ta barneperspektivet i jula, og syte for at dei har trygge rammer for julefeiringa. Borna trivst best saman med edru vaksne. Vi håper alle får ei kvit og god jul.

14.00-18.00 29. november 2024

Scandicparken i Ålesund

15.00-18.00 7. desember 2024

Ljoshall, Ekravegen 43

20.00-21.00 14. januar 2025

Teams

Nyheter

Nå kan du skrive under på Hvit jul 2024. Ved å skrive under og velge alkoholfritt med barn tilstede, påvirker du holdninger og bidrar til en tryggere jul for enda flere barn.

I en fersk episode av "Sterk og Klar"-podcasten blir det diskutert hvorfor folk velger å drikke alkohol, og hvordan vi best kan forebygge alkoholbruk, spesielt blant unge.

Vil du bidra til at flere barn får en trygg og alkoholfri jul? Å hjelpe til med gjennomføringen av Hvit jul-kampanjen er både er meningsfullt og trivelig, og vi trenger deg som frivillig!