Trygge oppvekstmiljø ei hovudsak

Den raude tråden under IOGT Midt-Norge sitt inspirasjonseminar i Ålesund 26. august var visjonen om å kunne skape trygge oppvekstmiljø med ansvarlege vaksne.

Dette gjekk igjen med alle foredragshaldarane.

Seminaret var det 8. i rekka med Per Arne Lillebø som leiar – og ved sida hans – som elles alle desse åra - stod legen Geir Riise. I tillegg foredrog  Actis-generalsekretær Inger-Lise Hansen, politimeister Ingar Bøen og økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten.

I løpet av desse åra har tiltaket hatt over 500 lydhøyre deltakarar.

– Og det har vore fornying på deltakarlista kvart år, sa Lillebø, som i prologen til seminaret minte om at ”ingen av oss lever i eit vakuum”. – Nei, vegane vi menneske går på, er like, på den måten at dei ”set oss på val”. – For krenkingar og påkjenningar tidleg i barneåra gjer oss sårbare gjennom heile livet. – Alkohol er som ringar i vatnet. Stig forbruket, tiltek også skadane, sa han.

Geir Riise sa det slik: - Krenkingar i tidlege barneår blir som ”arr oppå hodet som en ikke blir kvitt”. - Vi vaksne må ikkje undervurdere rollene våre. Ein leiar har enormt stor innflyting. Å bry seg er avgjerande.

Målet for samlinga var å semjast om dei mest effektive tiltaka i tida som kjem.

I den avsluttande paneldebatten sa Inger Lise Hansen at ho var særleg oppteken av å skape rusfrie arenaer og gode fritidstilbod i lokalsamfunna. Ho sa seg bekymra for auka narkotikabruk og nedgang i organisert aktivitet mellom dei unge. Til å bøte på det ville ho ha fleire ressursar til frivillig sektor.

Politimeister Ingar Bøen: - Vi må vere forbilde. Det kan du vere uansett kvar du er. Eg serverer ikkje alkohol på mine leiarmøte, og har ikkje fått ein einaste negativ kommentar for det. - Gå ut til alle folkeslag. Vi er avholdsfolk. Vi blir ikkje tørrare enn vi er!

Geir Riise gjentok ”Islandsmodellen”, som Inger Lise Hansen hadde vore inne på tidlegare i seminaret: Den radikale nedgangen i rusbruk på Island dei seinare åra blir forklart med kunnskapssanking (og -spreiing), foreldreinvolvering og satsing på gode fritidstilbod.

- Eg trur kunnskap kan bevege posisjonar. – Og kunnskap får ein best ved å lese tidsskrift, t.d. verdas fremste medisinske tidsskrift ”The Lancet”, tipsa han om.

Som eit avsluttande sukk peikte politimeister Bøen på tax-free-butikkane, som var Avinor sin måte å tene pengar på for å kunne oppretthalde flyplassane: - På Vigra blir folk tvungne til å gå gjennom taxfree-butikken med alt som er der av alkohol og tobakk. Kvifor skal dei måtte kjøpe brennevin når dei har vore i utlandet? Avinor får inn pengar, ja, men kva påfører vi samfunnet? spurde han.

Innlegget har bl.a. stått på trykk i Vikebladet og Vestlandsnytt den 2. september

20.00-21.00 14. januar 2025

Teams

Nyheter

21. oktober annonserte Helse Sør-Øst (HSØ) omsider resultatet av anbudsprosessen innen tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) – til stor forferdelse for et samla rusmiddelfelt som oppfatta konklusjonene til HSØ som reine raseringa av feltet.

Kva er fleip og kva er fakta i kunnskapsformidlinga på rusfeltet? Det var overskrifta då leiar av IOGT Midt-Norge, Per Arne Lillebø, kalla inn til inspirasjonsseminar på Rica Parken Hotel i Ålesund fredag 29. november. 

Nå kan du skrive under på Hvit jul 2024. Ved å skrive under og velge alkoholfritt med barn tilstede, påvirker du holdninger og bidrar til en tryggere jul for enda flere barn.