IOGT Region Midt-Norge: Leiar Per-Arne Lillebø og sekretær John Almendingen
Mange barn strevar med å prøve å tilpasse seg det som skjer, når vaksne rundt dei brukar alkohol. Dei kan verke upåverka og tilsynelatande ha det bra sjølv om foreldra misbrukar alkohol. Men vi veit at dette ofte kan vere ein fasade, for barna prøver å skjule dei problema som alkoholen er årsak til.
Fanny Duckert, som er klinisk spesialist og professor i psykologi, fortel til organisasjonen Av-og-til at innan forsking og behandling ser ein nokre rollemønster som går igjen. Ingen av rollene som barna inntek treng å verke tydeleg for folk rundt dei. Men barnet sjølv kan bli fastlåst i mønster som vert svært tyngande for dei og vanskeleg å kome seg ut av.
– Prisen mange av barna betaler etter å ha levd med uforutsigbarheten alkoholmisbruk medfører, er at de kan bli veldig anspente og påpasselige i dagliglivet. Dette blir utmattende i lengden, og tapper dem for energi og krefter, seier Fanny Duckest til Av-og-til.
Vidare fortel Duckert at barn som veks opp med alkoholmisbruk i familien, ofte kan bli svært varsame for konfliktar og uvisse. Mange av dei har altfor mykje erfaring med å bli skuffa og at løfte vert brotne. Derfor kan ein del og miste trua på at problem kan løysast ved samarbeid og ved at ein snakkar saman. Mange av barna slit med å etablere balanserte forhold med nærleik og intimitet seinare i livet.
Professor Fanny Duckest har skrive boka "Bare ett glass til". Der gjev ho hjelp til folk som ønsker å kutte ned på alkoholbruket sitt. I boka peikar Duckert spesielt på tre rollemønster som går igjen blant barn som har vakse opp med alkoholmisbruk i familien.
Dette er barnet som tidleg blir sjølvstendig og tek mykje ansvar. Ofte er det eldste barnet i familien, men og yngre barn kan ta denne rollen. Dei tek ofte over mange av dei daglege gjeremål i familien - som å lage mat, rydde og tek ansvar for småsøsken. Den ansvarlege kan imponere utanforståande med sin veremåte og evne til å syne omsorg for andre. Faren for desse barna er at ansvaret vert for tungt i det lange løp. Livet kan bli eit pliktløp der barna set andre sine behov fram for sine eigne.
Dette er barnet som tek ansvar for å unngå konflikt og bråk eller for å samle familien ved å tiltrekke seg merksemd. Det er ofte ein speloppmakar som som folk legg merke til. Når barnet merkar at atmosfæren vert spent eller at det ser ut til å bli krangling mellom dei vaksne, får barnet merksemda flytta over på seg. Utfordringa er at den rollen kan bli ei tvangstrøye for barnet. Det vil ofte ha låg toleranseterskel for konfliktar og spenningar, og det kan velge raske og overflatiske løysningar i konfliktsituasjonar.
Det er barnet som prøver å distansere seg så mykje som mogleg frå det som skjer heime. Barnet søker seg raskt ut til vener, ungdomsgjengen eller til andre vaksne. Dei seier ingen ting om problema heime, og det kan sjå ut som dei ikkje er påverka av vanskane heime. Dei prøver å ignorere og distansere seg frå sine eigne reaksjonar på den vonde situasjonen heime. Ofte fører dette til at barnet ikkje har kontakt med eigne reaksjonar generelt, og at dei ikkje får evne til å oppleve fleire typar følelsar. Dette kan bli eit stort hinder for dei seinare i livet når dei skal etablere nære forhold til andre menneske.
Sjølv om barna reagerer ulikt på alkoholbruken til foreldra, vil dei alle oppleve problem i barndomen. Ofte fører problema til vanskar og i vaksen alder. Det er ofte vanskar som dei slit med heile livet.
Kjelde: https://avogtil.no/aktuelt/hvilke-konsekvenser-far-alkoholmisbruk-for-barn/
IOGT Region Midt-Norge
Leiar Per-Arne Lillebø og sekretær John Almendingen
Innlegget sto på på trykk i Dagen 14. mars 2023 og er publisert bl.a. på Trønderdebatt 18.mars og Helgelendingen 23.mars
IOGT mener myndighetene burde gi tydeligere anbefalinger om å unngå alkohol og at hensynet til barn og helse bør gå foran hensynet til alkoholnæringen. Her er 5 gode grunner til av vi bør være spesielt restriktive når det gjelder alkohol i disse dager.
Flere studier viser en klar sammenheng mellom endringer i aldersgrenser og endring i ungdoms alkoholforbruk.
En undersøkelse fra 2016 viste at rundt 20 % av drikkeepisodene forekom i jobbrelaterte sammenhenger, primært i forbindelse med fester, mens drikking i selve arbeidstiden var uvanlig
22. juli er World brain day, og i år er fokuset på hjernehelse og forebygging. Det er en fin anledning til å lære mer om hvordan hjernen påvirkes av alkoholbruk.
EU har klassifisert alkohol som et kreftfremkallende stoff, på lik linje med asbest og tobakk. Selv et lavt alkoholforbruk gir økt kreftrisiko.
En svensk undersøkelse konkluderte med at det er 13 ganger så stor risiko for vold ved inntak av alkohol.
Kva er fleip og kva er fakta i kunnskapsformidlinga på rusfeltet? Det var overskrifta då leiar av IOGT Midt-Norge, Per Arne Lillebø, kalla inn til inspirasjonsseminar på Rica Parken Hotel i Ålesund fredag 29. november.
Nå kan du skrive under på Hvit jul 2024. Ved å skrive under og velge alkoholfritt med barn tilstede, påvirker du holdninger og bidrar til en tryggere jul for enda flere barn.
I en fersk episode av "Sterk og Klar"-podcasten blir det diskutert hvorfor folk velger å drikke alkohol, og hvordan vi best kan forebygge alkoholbruk, spesielt blant unge.