Inspirasjonsseminar i Ålesund

26. oktober 14:00

Sted: Scandic Parken i Ålesund

Eldsjeler, kunnskap og nye trendar dreg alkoholpolitikken i same retning.

Etter meir enn 20 år med auke i alkoholforbruket, skjer det endringar i drikkemønsteret blant dei yngste. Ungdom drikk mindre enn tidlegare. Fleire vel også ikkje å drikke. Den same trenden finn vi også i mange andre vestlege land. Kva er det som skjer i ungdomsmiljøa? Kva er denne utviklinga eigentleg eit uttrykk for? Kva betydning kan det ha for alkoholpolitikken framover? Og kva påverknad kan dette ha for vaksne sin alkoholbruk over noko tid?

Se invitasjonen som pdf

IOGT Region Midt-Norge inviterer til inspirasjonsseminar på Scandic Parken i Ålesund, torsdag 26. oktober 2017 - kl 1400. 

Påmelding

Til Per-Arne Lillebø:
per.arne.lillebo@gmail.com eller mobil 90699082

Frist: laurdag 30. september 2017

Pris

Seminaret er gratis for IOGT-medlemer i Region Midt-Norge.

Andre betaler:
kr 1000,- for både seminardelen og kveldsbuffet
kr 400,- for kun seminardelen

Regionen dekkjer overnatting for langvegsfarande IOGT-medlemer. Vi reknar med at deltakarar frå Møre og Romsdal reiser heim same dag. Regionen dekkjer ikkje reiseutgifter.

Inspirasjonsseminar

- Medlemsverving - Eigenutvikling - og det gode smilet. På dette dagseminaret vil vi dele erfaringane våre, gje inspirasjon og “nøklar” for korleis skape eit godt organisasjonsarbeid. Her kan du få svar på spørsmåla dine om korleis du kan takle utfordringar du møter i arbeidet for ein rusfri livsstil.Vi ynskjer velkomen til ein dag med påfyll av fagleg innhald!

Tema denne gangen er koreis vi kan nytte dei nye trendane i alkoholpolitikken betre i det førebyggande arbeidet.

Program

1400 

Opning ved seminarleiar Per-Arne Lillebø

1415

Ein ny trend blant dei yngste. Ungdom drikk mindre enn sine foreldre – kvifor gjer dei det? Og korleis kan det brukast i det førebyggande arbeidet
v/generalsekretær i Actis, Mina Gerhardsen

1445

Andre viktige nye trendar i det alkoholpolitiske ordskiftet. Når alkoholbruk blir eit problem for andre enn berre brukaren sjølv. Korleis kan det motivere fleire til å vere med å førebygge?
v/generalsekretær i Legeforeningen, Geir Riise
1530 Kaffipause

1545

Gode argument tel alltid – korleis kan det brukast i det daglege påverknadsarbeid.
v/professor Ola Honningsdal Grytten

1615

 Kva kan eg gjere for at fleire kan unngå å oppleve å få rusproblem tett
innpå livet.
v/Lensmann og driftseiningsleiar for Politiet på Søre Sunnmøre,
Guttorm Hagen

1640

Frukt- og kaffipause

1700

Fråhaldsstandpunktet er ikkje utgått på dato - like aktuelt som alltid
v/stortingsrepresentant Kjersti Toppe

1730

Det er plass til fleire på laget. Kva gjer IOGT etter landsmøtet. Mobilisering lokalt og nasjonalt for ein alkoholpolitikk som samlar brei politisk støtte.
v/generalsekretær i IOGT, Hanne Cecilie Widnes

1800

Avslutning og oppsummering

Foredragshaldarane:

Mina Gerhardsen, generalsekretær i Actis.

Geir Riise, generalsekretær i Den norske legeforening sidan 2009. Han er utdanna lege, og gjennom åra har han vore innom Statoil (sjefslege), NHO (avdelingsdirektør), Hjelp 24 (direktør) og Posten (HMS-direktør).

Ola Honningdal Grytten, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi, Seksjon for økonomisk historie ved Norges Handelshøyskole (NHH) og professor II ved Hauge School of Management (NLA).

Guttorm Hagen, lensmann og driftleiar for Politiet på Søre Sunnmøre.

Kjersti Toppe, stortingsrepresenant frå Hordaland sidan 2009. Hun har medisinsk embedseksamen fra Universitetet i Bergen frå 1992, og var kommunelege II i Bremanger 1996–1997 og kommunelege II i Bergen 1999–2000.

Hanne Cecilie Widnes, Generalsekretær i IOGT. Ivrig pådrivar og skribent.

Etter seminaret:

Festmiddag med underhaldning

Per og Monica de Lange byrja sitt musikalske samarbeid som studentar på college i England mot slutten av 60-talet. Sidan har det halde fram i snart 50 år. Gjennom åra har det vorte 6 LP/MC-produksjonar, 1CD og ein dobbel-CD med reproduksjon av tidlegare LP/CD-materiale. Dei syng høvesvis baryton og sopran, plystrar, og spelar ei rekkje ulike instrument og vil halde ein konsert i samband med festmiddagen.

Knut Bergheim er journalist og forfattar. I kveld vil han underhalde oss med eit kåseri som kallar på det gode smilet.

Møteplaner for de avdelingene som har slike program: