Per-Arne Lillebø,John Almendingen
IOGT er igjen i gang med Kvit jul-aksjonen sin. Målet er å få folk til å feire jul utan alkohol når dei er saman med born. For dei fleste borna er jula ei høgtid dei gleder seg til. Det er spenning og gode forvantningar, og i jula er det hyggjelege samlingar med familie og venner.
Men det er og nokre born som ikkje ser fram til jula med glede. Det er barn som gruar seg til jula på grunn av alkoholkonsumet til dei vaksne. Mange born opplever uhygge og utryggleik når foreldra eller andre vaksne er alkoholpåverka. Born ønsker vaksne som er til stades og som ter seg normalt og hyggjelede.
Tal fra Helsedirektoratet syner at 150 000 born i Norge lever med foreldre som drikk for mykje alkohol i jula. Mange fleire born har foreldre med eitt risikofylt alkoholforbruk. Ei undersøking syner at 23% av borna i alderen 8-19 år opplever at foreldra drikk meir i jula enn elles i året. I desember blir det drukke dobbelt så mykje som dei andre månadene i året. På Vinmonopolet vert det i desember selt dobbelt så mykje alkohol som i dei andre månadene i året. Juletradisjonane kan innehalde alkoholbruk i mange heimar, og mange born gruar seg til jul på grunn av dette.
Det treng ikkje å vere alkoholisme eller fyll før eit opplever det som utrygt å vere saman med vaksne med promille. Eit par glass er nok til at det skjer små endringar i framferda hos den som drikk. Born merker endringane mykje raskere enn den vaksne sjølv. Born er ikkje oppteken av mengda som vert drukke, men konsekvensane av inntaket. Mange vaksne som drikk saman med born. tenkjer nok ikkje på at borna synes det er utriveleg.
Kvite dagar er eit omgrep som er mykje bruka om alkoholfrie dagar. Dei siste vekene før jul har IOGT Kvit jul-aksjonar landet rundt. IOGT har stand og oppmodar foreldra og andre vaksne om å skrive under på Kvit jul-kontrakter om å ikkje drikke alkohol når dei er saman med born i julehelga 23.-26. desember.
Målet for kampanjen er å få fleire vaksne til å drikke alkoholfritt i jula. Ser du ikkje nokon IOGT-stand og får skrive på ein Kvit jul-kontrakt, kan du avtale med deg sjølv ar du lar vere å drikke alkohol når du er saman med born i jula. Det vil gje borna tryggleik og velvere. Kvit jul-kontrakten kan du og signere på nettsida: www.hvitjul.no.
IOGT Region Midt-Norge
Leiar Per-Arne Lillebø og skrivar John Almendingen
www.nrk.no/norge/_-150.000-barn-gruer-seg-til-jul-1.12118223
IOGT Region Midt-Norge gleden av å invitere våre medlemmer til Refleksjon – og inspirasjonsseminar med tema Alkoholbruk og helse - om myter, tabu og fakta
Seminaret er gratis og opent for IOGT-medlemer og finner sted på Scandic Parken i Ålesund Fredag 29. november 2024 - kl 14.00.
Påmelding gjøres til Per-Arne Lillebø snarest da det er begrenset med plasser og her er det første man til mølla. Håper å se deg der!
Onsdag 1. mars stod regionleiar Per-Arne Lillebø og Tor Martin Flø Gustad i frå regionstyret til IOGT Region Midt-Norge på stand i Namsos. 12 nye medlemer vart verva under standdagen
For hver venn du verver, som skriver din e-postadresse i vervet av-feltet, får du en ekstra sjanse til å vinne din kosePeppe.
Regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge hadde innlegg i samband med leiars tale om viktigheita av medlemsverving på Landsmøtet.
Gågate. Ærverdig. Hus. Flasker. Mange. Hyllemeter. Alkoholfritt. Glutenfritt. Papp. Rett. I. Skravlekoppen.
Av og til vert eg litt stakkato i skrivemåten når eg får gode opplevingar. Det å entre inngangsdøra til butikken Vinifera var kjekt. Hyllemeter på hyllemeter med importerte alkoholfrie vinar. I tillegg er vinbutikken og kafeen i Gågata i Ørsta sertifisert Skravlekopp-butikk. Veldig flott at ein vinbutikk også har ei kaffimaskin og litt å “bite i”, slik at folk kan ta seg tida til å setje seg ned, bruke ein Skravlekopp og på den måten vere med å gjere lokalsamfunnet meir skravlete.
Tysdag 24. januar i år arrangerte NAV ei jobbmesse i Ørsta, Give A Job. Der var det kring 350 deltakarar frå heile Søre Sunnmøre med jobbsøkjarar frå mange land, arbeidsgjevarar, offentlege instansar og fleire frivillige lag og organiasjonar. Av desse var 180 innvandrarar, kring 45 bedrifter var representerte og det var fleire frivillige organisasjonar som deltok.