På tide med alkoholmerking

Foto: Tony Zhu, Pixabay

Helsemerking av alkoholvarer har lenge vore ei aktuell sak, men lite har vorte gjort her til lands. Det er difor gledeleg at helseminister Ingvild Kjerkol har gjeve Helsedirektoratet beskjed om å vurdere korleis alkoholhaldig drikke kan merkast med åtvaring om helserisiko. Det er åtte månader sidan helseministeren fekk ei utgreiing på 30 sider frå Helsedirektoratet, og Helsedirektoratet tilrår åtvaringsmerking på alkoholvarer.

Helseministeren har ikkje vore særleg rask i vendinga, men det er godt at det endeleg kom ein reaksjon.

"– At Kjerkol nå tar aksjon er et viktig skritt i riktig retning, sier Inger Lise Hansen, generalsekretær i Actis. - Dette handler om å gi folk muligheten til å gjøre gode helsevalg, og da må de få vite hva de får i seg." Actis er rusfeltets samarbeidsorgan, og er ein paraplyorganisasjon med 37 medlemsorganisasjonar innanfor rusfeltet.

Tilrådinga frå Helsedirektoratet seier ikkje noko om utforminga av merkinga og korleis den kan gjennomførast og forvaltast i praksis. Det er det Kjerkol no har bedt om innspel til. Merkinga vil truleg innehalde helseåtvaring for mellom anna graviditet og trafikk. Emballasjen bør ha påført en innhaldsdeklarasjon. 

WHO er tydeleg i tilrådingane sine, og oppfordrar mellom anna til å innføre konkrete retningsliner for storleik og skrivstype, og at åtvaringa vert plassert på framsida av produktet og med lettfatteleg informasjon.

Dette er ei hastesak. Risikoen er at det vil ta tid før merkinga er påført varene. Vi ser frå andre land at særleg alkoholindustrien motarbeider desse tiltaka. Fleire land har allereie innført merking av alkoholvarer. Det gjeld mellom anna: Frankrike, USA og Australia. Norge er såleis ikkje noko føregangsland på dette feltet, men det er bra om vi no kan få merking av alkoholvarer. Folk bør få vite kva dei får i seg når dei drikk alkohol, og farene ved det. 

Kjelde: https://actis.no/aktuelt/n%C3%A6rmere-et-lovvedtak-om-alkoholmerking

IOGT Region Midt-Norge

Leiar Per-Arne Lillebø og sekretær John Almendingen