Hjørdis Almelid Vikenes
I 2027 fyller organisasjonen IOGT 150 år. Fram til då skal alle ledd i organisasjonen få uttale seg om korleis organisasjonen best kan endre seg for framtida. Årsmøtet til IOGT Region Midt-Norge samla på Romsdalsmuseet på Molde fredag 31. mai drøfta dette, og sende ein uttale til sentralleddet.
IOGT Region Midt-Norge meiner at ein framleis bør ha medlemer som kan knytast til lokale lag, område og regionar. Kor store desse regionane skal vere, er eit anna spørsmål. I dag har IOGT i Noreg fem regionar. Kanskje bør ein dele opp i mindre regionar framover? Kan det vere ein meir berekraftig modell? Det er spennande å få lov til å uttale seg, og så kjem saka opp på Landsmøtet til IOGT neste år.
Det er fint når frivillige står på år etter år. Alle som stod på val i år stilde til attval. Regionstyret er no samansett slik: Leiar Per-Arne Lillebø (Ulsteinvik), nestleiar Tor Martin Flø Gustad (Trondheim), informedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes (Ørsta), sekretær John Almendingen (Sandnessjøen), styremedlem Marianne Baarholm (Ålesund) og så vart Arne Sandøy (Molde) attvalt som økonomileiar. Varamedlemer er: Atle Hole (Sykkylven), Magne Berge (Ålesund), Øystein Dyb Hanssen (Ålesund), Cecilie Dahle Torbjørnson (Volda), Annlaug Stokke (Volda), Stig Ove Voll (Molde), Henning Holsvik (Volda) og Håvard Sandøy (Molde).
Før årsmøtet starta med dei vanlege årsmøtesakene ønskte regionleiar Per-Arne Lillebø velkommen. Han fortalde at pr. 1. januar i år hadde IOGT Region Midt-Norge 1235 medlemer og 29 medspelarar. Så langt i år har ein her i regionen verva vel 150 medlemer.
Reidar Dahle, busett på Åfarnes, kom og gledde forsamlinga med både song, musikk og gode refleksjonar om livet før og no. Han brukte tekstane til Jo-Bertel frå Mittet og framførte dei med sjølvskrivne melodiar. - Dette er universelle tekstar som handlar om seterliv, gamle minne og som kan gjelde for mange. Det er berre å byte ut stadsnamna med andre namn, så kjem truleg nostalgien sigande for nokon og ein kvar, meinte musikaren.
Infomedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes hadde eit innlegg om alkoholfrie drikkar, der ho mellom anna trekte fram samarbeidet som IOGT har med Vinmonopolet når det gjeld kampanjen Fyll ferien. IOGT oppmodar alle om å fylle ferien med rusfrie dagar når ein er saman med born om sommaren. I løpet av sommaren vil medlemer i IOGT i Region Midt-Norge stå på standar ulike stadar. Det finst mange gode grunnar for å velgje alkoholfrie alternativ. IOGT håper at alle daglegvarebutikkane har alkoholfrie varer i kjølediskane sine.
Fråsegn frå IOGT Region Midt-Norge sitt årsmøte på Molde 31.5.2024
Gledeleg auke i salet av alkoholfri drikke.
Avisa VG (Verdens Gang) fortel 19. mai i år at Vinmonopolet har hatt ei auke i salet av alkoholfri drikke dei fire første månadene i år. Det har så langt vore ein auke på 22 prosent i det alkoholfrie salet sett i høve til same periode i fjor.
- Vi satte rekord i fjor med 1,1 millioner liter alkoholfritt og kommer til å sette ny rekord i år med god margin, seier Jens Nordahl, kommunikasjonssjef i Vinmonopolet til VG.
IOGT Region Midt-Norge synest det er gledeleg at fleire vel alkoholfrie alternativ når dei kjøper drikkevarer på Vinmonopolet. I tillegg er det også mange gode alkoholfrie alternativ å få tak i både hjå småskalaprodusentar rundt om i landet, og i daglegvarebutikkane.
Framover håper vi at også alkoholfrie varer vert å finne i avkjølt versjon i daglegvarebutikkane, slik at alkoholfrie drikkar kan verte eit godt og kjølande alternativ på varme dagar.
God sommar!
IOGT Region Midt-Norge
Landsmøtet bestemte i fjor at IOGT skulle gjennomføre en grundig gjennomgang av seg selv for å kunne stå frem som en sterkere organisasjon i 2027. Da er det 150 år siden IOGT ble stiftet i Norge.
Inger Lise Hansen, generalsekretær i Actis, rusfeltet sitt samarbeidsorgan, opna sitt innlegg under IOGT sitt inspirasjonsseminar i Ålesund med å peike på mengda av fake news i informasjonsflaumen kring rusbruk – og særleg i sosiale medier.
I juni var det Landsmøte for IOGT på Åsane Folkehøgskole. IOGT Region Midt-Norge og lag og område i regionen vår hadde fleire utsendingar på Landsmøtet.
IOGT er igjen i gang med Kvit jul-aksjonen sin. Målet er å få folk til å feire jul utan alkohol når dei er saman med born. For dei fleste borna er jula ei høgtid dei gleder seg til. Det er spenning og gode forvantningar, og i jula er det hyggjelege samlingar med familie og venner.
I følgje økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten er alkoholprisane her i landet halverte dei siste 20-25 åra, halde opp mot den generelle lønsutviklinga.
Sommeren er her og IOGTs sommerkampande "Er du enig?" er i full sving. Tre flotte dager med stand i Molde og Ålesund ga god respons hos folket og resulterte i hele 50 nye medlemmer!