Telefonverving er lurt - heile året

Leiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge har i mange år verva nye medlemar. Vanlegvis har han saman med andre stått på standar rundt om i regionen og verva folk gjennom fysiske møte, i gode dialogar med andre. 

- No i koronatida har telefonverving vorte endå viktigare enn tidlegare, og dei fem første månadene i år har vi verva 61 personar via telefonar, seier han.

I mange år har ein i Region Midt brukt telefonverving som ein av arbeidsmåtane for å få nye medlemar.- Det er gjerne slik at når vi har reist rundt og stått på standar, så har vi brukt kveldane til å ringje til folk andre stadar i regionen, og slik utnytta reisetida til å verve fleire medlemar. Det er lurt å utfordre dei som er medlemar til å skrive ned ei liste med 10-15 namn som dei kjenner, og som dei trur kan vere aktuelle anten som medspelarar eller medlemar i IOGT. På den måten kan namnetipsa  ofte gje fleire nye medlemar til organisasjonen vår. Vi skal i alle høve som ruspolitisk organisasjon vere edruelege med kven vi ringjer til, meiner Per-Arne Lillebø.Han saknar det å kunne reise rundt, møte både medlemar og andre folk, få oppslag i lokalavisene og dette å byggje nettverk i organisasjonen med utadretta verksemd.- Vi innser at denne sommaren ikkje vert ein vanleg IOGTsommar med standar og verving på kjøpesenter, her får smittevernet stå i fremste rekke, og så får vi håpe at alle raskt får vaksiner, og at vi neste sommar kan få ferdast i det vakre landet vårt med IOGT-materiell i bagasjen.

Tekst og foto: Hjørdis Almelid Vikenes, nestleiar IOGT Region Midt-Norge

20.00-21.00 19. mars 2025

Zoom

0.00 28. mars - 0.00 30. mars 2025

Sammensenteret i Kristiansand

0.00 28. mars - 0.00 30. mars 2025

Sammensenteret i Kristiansand

Nyheter

8.mars 1877 stiftet skipper Carl Reynolds Losje Første Norske i Porsgrunn. Den er nå Porsgrunns nest eldste forening. Derfra vokste IOGT raskt og vi hadde på det meste over 100 000 medlemmer i IOGT og i barnearbeidet vårt.

Ny forskningsrapport om helsegevinster og samfunnseffekter av redusert alkoholbruk viser at små reduksjoner i totalforbruket kan ha stor effekt – både for enkeltpersoner og for samfunnet.

Enestående familier har sikret videre drift med ny millionbevilgning. Aktivitetstilbudet fortsetter å skape trygge møteplasser for voksne som ofte er alene med barna sine.