Leiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge har i mange år verva nye medlemar. Vanlegvis har han saman med andre stått på standar rundt om i regionen og verva folk gjennom fysiske møte, i gode dialogar med andre.
- No i koronatida har telefonverving vorte endå viktigare enn tidlegare, og dei fem første månadene i år har vi verva 61 personar via telefonar, seier han.
I mange år har ein i Region Midt brukt telefonverving som ein av arbeidsmåtane for å få nye medlemar.- Det er gjerne slik at når vi har reist rundt og stått på standar, så har vi brukt kveldane til å ringje til folk andre stadar i regionen, og slik utnytta reisetida til å verve fleire medlemar. Det er lurt å utfordre dei som er medlemar til å skrive ned ei liste med 10-15 namn som dei kjenner, og som dei trur kan vere aktuelle anten som medspelarar eller medlemar i IOGT. På den måten kan namnetipsa ofte gje fleire nye medlemar til organisasjonen vår. Vi skal i alle høve som ruspolitisk organisasjon vere edruelege med kven vi ringjer til, meiner Per-Arne Lillebø.Han saknar det å kunne reise rundt, møte både medlemar og andre folk, få oppslag i lokalavisene og dette å byggje nettverk i organisasjonen med utadretta verksemd.- Vi innser at denne sommaren ikkje vert ein vanleg IOGTsommar med standar og verving på kjøpesenter, her får smittevernet stå i fremste rekke, og så får vi håpe at alle raskt får vaksiner, og at vi neste sommar kan få ferdast i det vakre landet vårt med IOGT-materiell i bagasjen.
Tekst og foto: Hjørdis Almelid Vikenes, nestleiar IOGT Region Midt-Norge
Tysdag 24. januar i år arrangerte NAV ei jobbmesse i Ørsta, Give A Job. Der var det kring 350 deltakarar frå heile Søre Sunnmøre med jobbsøkjarar frå mange land, arbeidsgjevarar, offentlege instansar og fleire frivillige lag og organiasjonar. Av desse var 180 innvandrarar, kring 45 bedrifter var representerte og det var fleire frivillige organisasjonar som deltok.
Møllergata 37 i Stavanger (Godtemplarnes hus)
Aarnes kafeteria (Strannavegen 302, Gvarv)
Åsane folkehøgskole, Hylkjeneset 108, Hylkje
Kranjska Gora, Slovenia
12. februar ble IOGTs nye fylkeslag i Buskerud etablert. Dette er en viktig oppfølging, etter landsmøtevedtaket fra juni 2025 om opprettelse av fylkeslag til erstatning for tidligere regioner i IOGT.
Og følger Drammen egentlig sin egen alkoholpolitikk når kommunen gir skjenkebevilling til kinoen? Det var blant kjernespørsmålene da IOGT i Buskerud samlet politikere, ungdom og kulturaktører til debatt på Drammensbiblioteket torsdag 12. februar.
Med den kalde vintervinden som feide gjennom gatene i Haugesund, ble det vanskelig å få skikkelig god varme i de nye lokalene til Sammensenteret T3 i byen. Med noen gode hjelpere ble problemet raskt løst.