Irland har fått klarsignal – no bør Noreg gjere det same

Irland får innføre lov om helseinformasjon og advarslar på alkohol. Også norske forbrukarar bør få slik kunnskap, så dei kan ta gode helseval, meiner IOGT. 

9. januar i år konkluderte Europakommisjonen at dei ikkje har grunn til å gå i mot Irland sitt initiativ, som betyr at Irland no kan iverksette lovgjevinga si. Irland var ein pioner når det gjaldt passiv røyking og forbud mot røyking innandørs, og dei har også no tatt leiarposisjon for helseadvarsler på alkohol.

Noreg har lenge diskutert å innføre helseinformasjon og advarslar på alkohol. Lenge har ein vore usikker på korleis dette vil bli møtt av EU grunna den indre marknaden.

– No er dette ikkje lenger usikkert, og IOGT meiner at no er det viktig at Noreg følger opp med våre eigne initiativ for å innføre helseinformasjon på alkohol – særskilt med informasjon om auka kreftrisiko, seier generalsekretær i IOGT, Cecilie Widnes. 

Helsedirektoratet har fått i oppgåve av helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) å vurdere korleis vi kan få ein slik merking av alkohol også i Noreg. Det kunne vi lese på Altinget i forrige veke.  

– At Kjerkol no tek aksjon og ber Helsedirektoratet om et forslag til alkoholmerking er et skritt i riktig retning. Men vi fryktar at det er lenge igjen til den dagen norske forbrukarar i praksis kan sjå kva alkoholproduktet dei betalar for inneheld og hva det inneber av helserisiko, sier Inger Lise Hansen, generalsekretær i Actis

20.00-21.00 14. januar 2025

Teams

Nyheter

21. oktober annonserte Helse Sør-Øst (HSØ) omsider resultatet av anbudsprosessen innen tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) – til stor forferdelse for et samla rusmiddelfelt som oppfatta konklusjonene til HSØ som reine raseringa av feltet.

Kva er fleip og kva er fakta i kunnskapsformidlinga på rusfeltet? Det var overskrifta då leiar av IOGT Midt-Norge, Per Arne Lillebø, kalla inn til inspirasjonsseminar på Rica Parken Hotel i Ålesund fredag 29. november. 

Nå kan du skrive under på Hvit jul 2024. Ved å skrive under og velge alkoholfritt med barn tilstede, påvirker du holdninger og bidrar til en tryggere jul for enda flere barn.