Helseminister Ingvild Kjerkol presenterte ny folkehelsemelding fra regjeringa 31. mars 2023, med blant anna mål om 20 prosent nedgang av skadeleg alkoholbruk.
Helseministeren la fram den fyrste Stortingsmeldinga på helse frå denne regjeringa fredag 31. mars. I presentasjonen greidde ho ut om korleis folkehelse inkluderer mange tema, og er derfor eit stort og viktig arbeid. Regjeringa vil følgje opp Stortingsmeldinga med ei rekke tiltak for å nå måla staka ut i meldinga.
Alkohol fekk lite plass i presentasjonen, men er sjølvsagt inkludert i Stortingsmeldinga – med blant anna ei målsetting om 20 prosent nedgang av skadeleg alkoholbruk. IOGT er positive til konkrete målsettingar, men ynskjer å kommentere at forskning har etablert samanhengen mellom totalforbruk og skadeleg bruk veldig godt, og at det er betre å skulle ha eit mål om ein nedgang i bruk, og ikkje ‘skadeleg bruk’. Det er gjort for tobakk, og bør også gjerast for alkohol i det vidare arbeidet med folkehelse.
Ministeren snakket i sin presentasjon ein del om sukker, og forklarte godt korleis politikk heng saman med og påverkar folk sine val – både sunne og usunne. Dette gjeld sjølvsagt også for alkohol. Politiske tiltak som skjenketider og reklameforbod heng tett saman med korleis folk tek val som støtter opp om en god folkehelse. Slike tiltak er absolutt med på å avgjere om det er lett for folk å ta eit rusfritt val eller ei. IOGT er derfor glade for at Helseministeren er tydeleg på at ho no ynskjer ein gjennomgang for å sjå betre på kva tiltak som har god effekt, og dermed ha mindre fokus på strategiar som har mindre effekt.
I tillegg er IOGT positive til at det skal bli etablert eit Folkehelsepolitisk råd. IOGT meiner at sivilsamfunnet som jobbar med rusforebygging må inkluderast i eit slikt råd, slik at ein sikrar ei heilhetlig og god tilnærming til folkehelse.
Her kan du lesa IOGT sitt høyringssvar til Folkehelsemeldinga: https://iogt.no/iogt-mener/hoeringssvar-fra-iogt
Heile folkehelsemeldinga finn du her: Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga — Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar
Sjå presentasjonen til helseministeren på regjeringen.no
- God rusforebygging handler om å holde tilgjengelighet og etterspørselen lav, og å styrke de rusfrie aktivitetene og positiv grensesetting. Denne kampanjen fra legaliseringsbevegelsen legger til rette for økt bruk, sier IOGTs generalsekretær Hanne Cecilie Widnes.
For mange unge er det ikke et valg mellom sprit eller hasj, de sier ja takk, begge deler. Men tydelige foreldre reduserer risikoen for dårlige rusvalg.
Jørn Hansen er erfaringskonsulent og koordinator i IOGT i Haugesund. I et intervju med Haugesunds avis forteller han om sin bakgrunn og jobben han gjør i IOGT nå.
Er du bekymret for rusbruken blant barn og unge der du bor? Er du opptatt av barn og unges oppvekstvilkår? Har du lyst til å gjøre noe med det? Da er denne webinarrekken noe for deg!
IOGT Norge er en av 45 medlemsorganisasjoner i Eurocare. I juni var det årsmøte og konferanse i Europaparlamentet, og Karin Vilming representerte IOGT der.