Seminar: Alkoholpolitikkens nye retning

Ungdom drikk mindre. Fleire vel å ikkje drikke. Korleis nyttar vi dette i det førebyggende arbeidet?

Inspirasjonsseminar:

Det nyttar å vere med og gjere ein skilnad!

IOGT, Region Midt-Norge inviterer til seminar om dei nye trendane i alkoholpolitikken, og korleis vi som førebyggingsorganisasjon bør møte dei. 

Sted: Scandicparken i Ålesund

Tid: 26. oktober kl. 14:00

Les mer og meld deg på 

På seminaret vil vi fokusere på kva som skjer nasjonalt og internasjonalt. Kva som er det viktigaste i førebyggande arbeid. Og sist, men ikkje minst: Vi skal finne inspirasjon saman til å halde fram arbeidet for eit samfunn med mindre rusproblem.

Eldsjelene trengs. Du er ein av dei!

 

Eldsjeler, kunnskap og nye trendar dreg alkoholpolitikken i same retning.

Etter meir enn 20 år med auke i alkoholforbruket, skjer det endringar i drikkemønsteret blant dei yngste. Ungdom drikk mindre enn tidlegare. Fleire vel også ikkje å drikke. Den same trenden finn vi også i mange andre vestlege land.

Kva er det som skjer i ungdomsmiljøa? Kva er denne utviklinga eigentleg eit uttrykk for? Kva betydning kan det ha for alkoholpolitikken framover? Og kva påverknad kan dette ha for vaksne sin alkoholbruk over noko tid. Å stille disse spørsmåla er viktig. Vi kan stå andsynes eit interessant vegskille i det førebyggande arbeidet når fleire unge menneske vel å drikke mindre eller avstå frå å bruke alkohol. Førebyggande arbeid kan bli enklare og få større gjennomslagskraft.

På same tid har det også dei siste åra blitt aukande merksemd om alkoholen sine skadeverknader på andre enn på alkoholbrukaren sjølv (passiv drikking). Kva skjer med barn – og ungdom som opplever at vaksne drikk for mykje. Når alkoholbruk skadar i trafikken, i heimen og på arbeidsplassen. Dette er berre nokre stikkord. Lista kan enkelt forlengast.

Korleis kan vi bli betre til å fange opp nye trendar?

Korleis kan IOGT bli meir relevante og representative for alle dei som vel å drikke mindre eller avstå frå å drikke alkohol. Her ligg ei utfordring og ei motivering til innsats. Å forstå motiv som ligg bak er viktig i alt politisk påverknadsarbeid.
Fråhaldsrørsla har alltid hatt ei viktig rolle i å førebygge skadar og problem. Vi skal gjere det enklare å ta rusfrie val, fordi det gjer kvardagen betre for mange. Vår ambisjon er at fleire skal færre skal få rusproblem tett inn på livet. Korleis legg vi grunnlaget og motiverer til ein restriktiv alkoholpolitikk? 

"

IOGT mobiliserer lokalt og nasjonalt for ein alkoholpolitikk som samlar brei politisk støtte. Det er plass til fleire på laget!
-  Hanne Cecilie Widnes, generalskretær i IOGT

"

Inspirasjonsseminar i Ålesund

Fråhaldsstandpunktet er ikkje utgått på dato - like aktuelt som alltid, sier Kjersti Toppe, Stortingspolitiker.

Mina Gerhardsen, generalsekretær i Actis, vil presentere dei nye trendane og snakke om korleis vi brukar dei i det førebyggande arbeidet. Generalsekretær i Legeforeningen peiker på andre viktige nye trendar i det alkoholpolitiske ordskiftet. Alkoholbruk er ikkje lenger ei privatsak. Når alkoholbruk blir eit problem for andre enn berre brukaren sjølv kan det motivere fleire til å vere med å førebygge. Stortingspolitiker Kjerti Toppe seier at fråhaldsstandpunktet slett ikkje har gått ut på dato. Og vår eigen generalsekretær, Hanne Cecilie Widnes vil til slutt samle trådane og forklare korleis IOGT arbeider no med å mobilisere lokalt og nasjonalt for ein alkoholpolitikk som samlar brei politisk støtte. Du kan bli ein del av dette arbeidet. Det er plass til fleire på laget.

Les meir om korleis DU kan bli ein forebygger.

20.00-21.00 14. januar 2025

Teams

Nyheter

21. oktober annonserte Helse Sør-Øst (HSØ) omsider resultatet av anbudsprosessen innen tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) – til stor forferdelse for et samla rusmiddelfelt som oppfatta konklusjonene til HSØ som reine raseringa av feltet.

Kva er fleip og kva er fakta i kunnskapsformidlinga på rusfeltet? Det var overskrifta då leiar av IOGT Midt-Norge, Per Arne Lillebø, kalla inn til inspirasjonsseminar på Rica Parken Hotel i Ålesund fredag 29. november. 

Nå kan du skrive under på Hvit jul 2024. Ved å skrive under og velge alkoholfritt med barn tilstede, påvirker du holdninger og bidrar til en tryggere jul for enda flere barn.