IOGT Region Midt-Norge, Leiv Arne Grimstad
Kva er fleip og kva er fakta i kunnskapsformidlinga på rusfeltet? Det var overskrifta då leiar av IOGT Midt-Norge, Per Arne Lillebø, kalla inn til inspirasjonsseminar på Rica Parken Hotel i Ålesund fredag 29. november.
Seminaret markerte også at det var ti år sidan serien med slike seminar i sunnmørsbyen tok til. Lillebø konkluderte innleiingsappellen sin med at ”kunnskapen avgjer alkoholpolitikken”. Men den same kunnskapsformidlinga er under press frå ulike interesser – noko foredragshaldarane på seminaret la stor vekt på.
Styreleiar i Actis Geir Riise opna foredragsrekka med å vise til det tidlegare populære TV-programmet ”Fleip eller fakta” og hadde sett opp sju punkt med motstridande påstandar. Riise si overordna melding til dei 65 deltakarane var at kunnskapsformidling nyttar. - Dersom 95 av folket blir vaksinerte mot ein sjukdom, vil det ikkje oppstå epidemiar av denne sjukdommen, sa han. Underforstått og overført til rusfeltet: Har folk flest kunnskap om bruk av alkohol og andre rusmiddel, blir skadane mindre. - Vi ser at jobben vi gjer, virkar, sa Riise og viste til ein europeisk statistikk der Norge ligg nær botnen i alkoholbruk. Tsjekkia, som toppar lista, har eit dobbelt så høgt konsum som Noreg.
For å vise at edruskapsarbeid ikkje berre handlar om helse tok Riise publikum tilbake til dei første edruskapsagitatorane, mellom desse Asbjørn Kloster: – Dei var ikkje først og fremst opptekne av ”å beskytte levra”, men av å verne dei kvinnene og borna som leid under mennene sitt alkoholmisbruk.
Riise, som er lege, tok likevel tidleg opp helsespørsmålet: - Vi kan faktisk rekne opp 200 sjukdommar som er direkte relaterte til alkohol, sa han og nemnde som døme brystkreft, endetarmskreft og ulike former for hjarte- og karsjukdomar. Dagens konsekvens er at mellom 20 og 25 prosent av sengeplassane på sjukehusa våre er opptekne av pasientar med alkoholrelaterte skadar.
Ei av fleirtalsmisforståingane som Riise ville avlive, var at staten forsynte seg så grovt på alkoholavgiftene. – Nei, sa han, - for det første har alkohol blitt billegare dei seinare åra fordi avgiftene ikkje har halde tritt med prisutviklinga elles. Og at staten tek inn 17 milliardar kroner i året, er ikkje mykje når alkoholbruken på den andre sida påfører samfunnet skadar for ein stad mellom 80 og 100 milliardar, sa Riise, som hadde utrekninga av skadevolumet frå økonomikonsulentane Oslo Economics.
Riise meinte å ha god dekning i påstanden om at tilgjengelegheit er avgjerande, blant anna i det faktum at danske ungdommar drikk mykje meir enn norske. Han viste til ei undersøking i aldersgruppa 15-16 år der Danmark toppar den europeiske lista, medan Norge ligg nær botnen. Kvifor? - Jau, i Danmark er det lov å kjøpe og drikke alkohol når du er 16 år. I Norge er grensa 18.
I den samanhengen nytta Riise også høvet til å avlive den myten at norsk ungdom drikk mindre enn før. - Det stemte ei stund, men no er pila på veg opp igjen, sa han. - Spesielt jenter drikk meir enn før, la han til.
- Gode oppvekstmiljø og alkoholfrie soner er viktig, sa Riise.
Vi tenker ikkje så ofte på det, men trafikken er ei slik sone.
- I Norge ligg straffegrensa for den som køyrer bil på 0,2 promille. Men i ”gamle dagar” var det slik i England at du først måtte ha køyrt på ein person forvirka tilstand, sa Riise.
Riise ville også avlive myten om at foreldre som er kompisar med borna sine og kjøper dei alkohol, får born som drikk mindre som vaksne. Denne ”fleirtalssnusforståelsen”, som Riise kalla det, held ikkje. - Ungdom som blir tidleg eksponerte for alkohol drikk meir enn andre sidan i livet.
Derfor har det stor verdi å kunne auke debutalderen.
- Det handlar om å bry seg. Det at nokon tek eit val om å halde seg edru, er med på å dempe trykket og drikkepresset. – Engasjerte folk som bryr seg, virkar, sa Riise.
Ragnhild Kaski, generalsekretær i alkovett-organisasjonen ”Av-og-til”, følgte opp Riise sitt fokus på fleirtalsmisforståingane med å legge til ”anekdotar og tabu” i samfunnet si tilnærming til rusfeltet. Organisasjonen har røter tilbake til Alkokutt-aksjonen, som vart sett i gang av fleire norske politikarar og politiske parti på 1980-talet. Kjende politikarar som Kaci Kullman Five og Gro Harlem Brundtland gjekk i spissen.
- Alkokutt var ikkje ein fråhaldsorganisasjon, men ein politisk allianse som ville løfte fram ”pårørandeperspektivet”, sa Kaski.
I dag samarbeider 66 norske kommunar med ”Av-og-til” om lokal rusførebygging.
Kaski hadde registrert at media har eit ”vinanmeldarspråk”. I dette språket høyrer alkohol alltid med når ein skal ”kose eller feire”. Som døme nemnde ho fleire medieoppslag - blant desse ”Vin til TV-serien” og ”Digge vinterviner”. Magasinet skriv: ”Farvel, hvit januar! Hallo, februar. Her er handlelisten jeg har i lommen nå.”
Det er heller ikkje tilfeldig, hevda Kaski, at vi stadig vekk ser TV-produksjonar der politikarar står med eit ølglas i handa eller på bordet: - Dei brukar det til å knyte drikkinga til noko folkeleg, dei viser at dei er ”nedpå”, meinte ho.
Og myten om at ”litt alkohol er sunt” og at ”det er lovleg vare” ligg kanskje bak frisørsalongen i Sandnes sitt ønskje om alkoholservering til hårklippet?
Så var det oppfatninga om at alkoholreklameforbodet er umoderne. – At det er 30-40 år sidan vi fekk forbodet, er vel ikkje eit argument, sa Kaski og slo fast at vi har lover som er atskillig eldre enn det.
Samtidig såg ho problematikken i at sosiale medier er alogritmestyrte – slik at brot på alkoholreklameforbodet vil dukke opp igjen og opp igjen. Og då blir det fort snakk om den vesle bar-eigaren mot staten.
Til dei som ivrar for alkoholservering på norske fotballstadionar ved å vise til utlandet, sa Kaski at det ikkje stemmer. - Dei store fotballstadionane ute i Europa har ikkje alkoholservering.
Økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten sitt innlegg om alkoholen sine økonomiske sider – i eit samfunnslys – bestod av ei mengd kurver og tal. Bak kurvene låg den historisk-funderte påstanden om at dersom alkoholbruken går ned, går økonomien opp. Men samtidig er det også slik at auka velstand gir auka alkoholbruk – og dermed redusert produktivitet og dårlegare økonomi.
- At det er slik, har vi lært av historia, sa Grytten og viste til det enorme alkoholforbruket som var her i landet i 1835: - Då var alkoholforbruket i Norge på 17,5 liter rein alkohol per person i året. Fylla rådde og vart etter kvart eit så stort problem at ein begynte å avgiftslegge alkohol- og tobakksvarene. Og det gav resultat: i perioden 1850-70 opplevde Norge ein sterk økonomisk vekst. Kvifor? - Fordi folket var edru, sa Grytten.
Under folkerøystinga i 1919 om øl- og brennevinsforbod var forresten Vartdal på Sunnmøre den einaste kommunen i landet der samtlege gjekk inn for forbod.I landet samla gjekk 61,6 prosent inn for forbod.
Eit forbod som rett nok ikkje varte lenge.
Grytten meinte elles at dagens vaksengenerasjonen var dårlege forbilde. Statistikk viser at det er dei i alderen 45-66 år som drikk mest. Deretter drikk dei mellom 67-79 år nest mest. Dei mellom 16 og 24 år drikk minst.
Om omfanget generelt viste Grytten til ei undersøking av alkoholvanane til nordmenn i aldersgruppa 16-79 år. 34 % oppgav at dei drikk kvar veke - 26 % i alle fall ein gong i månaden - 25 % sjeldnare enn ein gong i månaden, medan 15 % ikkje har smakt alkohol i det heile det siste året – og då vel må reknast som fråhaldande.
Pensjonert journalist Johan Behrentz svara på spørsmålet ”Gjer media jobben sin?”. Han streka under at han ikkje representerte media, men berre seg sjølv, når han la ut synspunkta sine. Han slo tidleg fast at han ikkje hadde sett den same kritiske sansen innan media når det kjem til rus og alkohol som når korrupsjon og andre ting blir omtala.
- Det er ikkje eintydig at media glorifiserer rus, men det blir litt slapt og lite faktabasert. Alkoholen er likevel ”elefanten i romet” og blir ofte ufarleggjort.
Behrentz fann det også påfallande at vinspalter som forbrukarinformasjon nesten alltid endar på terningkast 6. Gjer media jobben sin? spurde han seg sjølv? Både ja og nei, svara han. – Men dei fleste gjer det ikkje bra nok, la han til.
Politimeister Ingar Bøen, som tok for seg politiet sin kvardag, hadde faktabakgrunn for å kunne opplyse at når skjenketida blir utvida, så aukar sentrumsvalden med 16 prosent – og motsett når skjenketida blir innskrenka: då minkar valden tilsvarande.
I den avsluttande paneldebatten sa Bøen elles at det hadde vore ein eksplosjonsaktig auke i oppdrag relatert til psykiatri.
Og når det gjeld vald i heimen, er nesten utelukkande rus involvert. I denne siste seansen av seminaret hevda Ragnhild Kaski at det slett ikkje var sant at folk flest vil ha ubegrensa alkoholpolitikk.
Inger Lise Hansen, generalsekretær i Actis, rusfeltet sitt samarbeidsorgan, opna sitt innlegg under IOGT sitt inspirasjonsseminar i Ålesund med å peike på mengda av fake news i informasjonsflaumen kring rusbruk – og særleg i sosiale medier.
I følgje økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten er alkoholprisane her i landet halverte dei siste 20-25 åra, halde opp mot den generelle lønsutviklinga.
IOGT Region Midt-Norge har dei siste vekene stått på standar ulike stadar i regionen. I tillegg til at regionstyret sine medlemar står på stand, har også lokale iogt-medlemar stått på standar.
Alkohol er ei lovleg vare. Alkohol er ei spesiell vare. Denne væska kan medføre avhengigheit. Det er det ikkje alle væsker som kan. Tenk på vatn eller jus til dømes. Viss alkoholen var ei nyoppfinning anno 2022, trur du ho ville ha vorte godkjent som ei salsvare? Eller ville ein ha tenkt at det er kanskje best at ho ikkje vert selt?
Den raude tråden under IOGT Midt-Norge sitt inspirasjonseminar i Ålesund 26. august var visjonen om å kunne skape trygge oppvekstmiljø med ansvarlege vaksne.
I IOGT Region Midt-Norge har ein i mange år kombinert det å stå på standar og verve med telefonringing. Regionleiar Per-Arne Lillebø utnyttar tida når han er på reisefot til også å nå tak i folk via telefon.
Kva er fleip og kva er fakta i kunnskapsformidlinga på rusfeltet? Det var overskrifta då leiar av IOGT Midt-Norge, Per Arne Lillebø, kalla inn til inspirasjonsseminar på Rica Parken Hotel i Ålesund fredag 29. november.
Nå kan du skrive under på Hvit jul 2024. Ved å skrive under og velge alkoholfritt med barn tilstede, påvirker du holdninger og bidrar til en tryggere jul for enda flere barn.
I en fersk episode av "Sterk og Klar"-podcasten blir det diskutert hvorfor folk velger å drikke alkohol, og hvordan vi best kan forebygge alkoholbruk, spesielt blant unge.